Du er her: Forside Arkiv Bli med i Unge Venstres skriveutval

Bli med i Unge Venstres skriveutval

Er du skrivefør og liberal? No kan du søkje om å bli med i Unge Venstres skriveutval!

 

Skriveutvalet blir leia av 2. nestleiar Runar B. Mæland, og har eit særskilt ansvar for profileringa av Unge Venstres politikk fram mot stortingsvalet 9. september. Oppgåvene til utvalet er i første rekkje å skrive lesarinnlegg, pressemeldingar og nettartiklar for Unge Venstre nasjonalt og lokalt.

Ved å vere med i skriveutvalet får du verdifull skrivetrening, og tett oppfølging med konstruktive tilbakemeldingar frå erfarne lesarinnleggskribentar. Ikkje minst får du vere med og vinne valet for Venstre. Ved å gjere Unge Venstre synlegare i valkampen, kan du vere med og gjere Noreg grønare og meir liberalt etter valet!

Er du den rette personen til å vere med i utvalet? Her er det du må gjera:
- Skriv eit kort motivasjonsbrev der du fortel kvifor du ønskjer å bli med
- Skriv eit debattinnlegg på inntil 3000 teikn (inkludert mellomrom), som svarar på eit av desse spørsmåla:
- Korleis vil Unge Venstre byggje morgondagens kunnskapssamfunn?
- Kvifor treng Noreg eit større liberalt parti?
- Kvifor skal veljarane bry seg om klimapolitikk i stortingsvalet, når dei norske utsleppa er så forsvinnande små i global målestokk?
- Send svaret ditt til runar.b.maeland@venstre.no innan fredag 17.2!

Bilete frå sxc.hu.