Side-alternativer

Er du klar for ei veke på Stortinget?

av Sveinung Rotevatn sist endret 28.04.2010
Tema: Unge Venstre

Den andre veka i juni er det duka for Unge Venstre-skulen trinn 4. Dette er det siste trinnet i UV-skulen, og inneber ei veke praktikantopphald i stortingsgruppa til Venstre. Dette er er kurset for deg som vil ha verkeleg toppskulering innan politisk arbeid!


UV4 vert arrangert 7.-10. juni, og er ope for alle medlemmar som tidlegare har vore gjennom Unge Venstre-skulen trinn 3. På dagtid vil kurset bestå i å arbeide saman med rådgjevarkorpset i Venstres stortingsgruppe i oppfølgjinga av det parlamentariske arbeidet på Løvebakken. På kveldstid vert det arbeid med case-oppgåver i samarbeid med leiartrioen i Unge Venstre og eksterne aktørar.

Kurset er ope for 3-5 deltakarar. Reise, kost og losji for kursdeltakarane vert sjølvsagt dekka av Unge Venstre.


Høyrest dette ut som noko for deg? Send eit motivasjonsbrev m/kort CV til sveinung@liberal.no innan torsdag 13. mai. Merk e-posten med "Søknad UV4".

Vi sjåast på Stortinget!

Kva: Unge Venstre-skulen trinn 4
Kvar: Stortinget/Venstres Hus
Når: 7.-10. juni
Deltakartal: 3-5
Kvalifikasjonar: Gjennomført UV3


UV4 2008

Blide deltakarar på Unge Venstre-skulen trinn 4 i 2008. Frå venstre: Christoffer Torris Olsen, Anders Bergsaker og Naomi Ichihara Røkkum (alle Oslo), Erlend Andreas Horn (Hordaland) og Ida Johanne Bohmann (Østfold).


Medieklipp
Til ettertanke, Oppland Arbeiderblad, 10.09.2010
Ny leder i Stavanger Unge Venstre, Rogalands avis, 10.09.2010
Rotevatn ny leiar i Unge Venstre?, Fjordabladet, 08.09.2010
Kan bli ny leiar i Unge Venstre, NRK, 08.09.2010
Over 75.000 kjemper mot tollgrensen, Nettavisen, 31.08.2010
Dyrevernaksjon i Arendal, Arendals Tidende, 10.08.2010
Forstår at folk sprenger fotobokser, Aftenbladet, 24.07.2010
- Oser av fremmedfrykt, Klasskampen, 20.07.2010
Flere medieklipp…
Verktøy

Gå til fylkeslag:


Logg inn
Registrér deg
 

Unge Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo, tlf: 22 40 43 57, mail: unge@venstre.no
Hosting og utvikling av Capasit | Drevet av Plone
For innhold laget av Unge Venstre gjelder ingen copyright.