Ingrid Skjoldvær som Årets Sortlending!
Unge Venstre støttar Ingrid Skjoldvær i Sortlandsavisa si kåring om kven som skal verte Årets Sortlending 2009.
Ingrid er den dynamiske leiarfiguren til Sortland Natur og Ungdom, som har vigd dag og natt dei siste månadene for miljø- og ungdomsengasjement i lokalområdet sitt.
I samarbeid med mangeårig klassekamerat og fylkesleiar i Nordland Unge Venstre, Nikolai Endresen Dahl, arbeider ho knallhardt på fronten for å hindre oljeboring utanfor heimregionen i hjartet hennes, Vesterålen.
Gjennom kva som begynte som ein kampanje på Facebook, har Sortland N.U. sørgt for å gjøre den gamle venstresaka om eit bilfritt sentrum, til ei høgaktuell sak i lokalmedia og kommunestyret. Aldri før har byen vore nærare si største miljøreform.
Ingrid var ein del av Natur og Ungdom sin delegasjon til klimakonferansen i København i desember, og ingen andre stod for å skape den same blesten i Vesterålen, kring dette uhyre viktige møtet mellom verdas nasjonar.
Etter ein omfattande debatt og årelang debatt, vart vindmøller på Ånstadblåheia utanfor Sortland by til ei vinnarsak for ho og det gode laget hennes. Fylkestinget vedtok på siste samling i 2009 å sette Vesterålen på topprioritet, når det gjaldt utbygging av vindmøller i Nordland.
Summa sumarum burde det vore ei sjølvfølgja at denne flotte jenta på seksten år fekk prisen, men ho tevlar likevel med tøffe mostandarar.
Sortlandsavisa kårar Årets Sortlending gjennom ei røysting på vevsida si.
For at Ingrid skal få den heideren og æra ho sårt fortener, håpar Unge Venstre at alle medlemmar gjør miljøet og Ingrid ei tenest, og røystar ho til topps.
Vi ber derfor alle liberalarar om å vie nokon få sekund til å gå inn på www.sortlandsavisa.no, og vere med på å gjøre Ingrid til Årets Sortlending.
Røystinga stengjer ved midnatt 23. januar, så tida er knapp.
Sprei ryktet, og røyst i veg!