Side-alternativer
Pressemelding fra Unge Venstre:

Følg Danmark - gje heroin på resept til narkomane

av Jonas Eilertsen sist endret 04.08.2007

Etter at Dansk Folkeparti skifta standpunkt er det politisk fleirtal i Danmark for å gje heroin på resept til narkomane. I Noreg er det berre Unge Venstre som vil det same. - Heroin på resept reddar liv, reduserer nyrekruttering og betrar livssituasjon til dei narkomane, seier leiar i Unge Venstre, Lars-Henrik Michelsen.

Følg Danmark - gje heroin på resept til narkomane

Lars-Henrik Michelsen vil gi heroin på resept til narkomane (foto: uv.no)

Det er gjort gode erfaringar meir heroin på resept i både Tyskland og Sveits. I Zürich har heroinutdeling vore tilgjengeleg for alle heroinistar sidan 1991. No krev Unge Venstre at heroin på resept blir tilgjengeleg for norske narkomane.

- Det er på tide at regjeringa må få opp augo for kva tiltak som har gitt positive resultat i andre land, slik danske politikarar no gjer. Narkomane som får utdelt gratis heroin treng ikkje stele, tigge eller prostituere seg for å få pengar til stoff. Dermed blir livskvaliteten til den narkomane auka, og samfunnet sparar store utgifter, seier Michelsen, og held fram:

- Med respekt for landets 11.000-15.000 sprøytenarkomane, og alle deira pårørande, bør ingen tiltak  stå uprøvd.

Noreg ligg på overdosetoppen i Europa. I følgje årsmeldinga til Det Europeiske Overvakingssenteret for Narkotika og Narkotikamisbruk for 2006, døyr over dobbelt så mange nordmenn av overdose som i resten av Europa. Samtidig har vi ein av Europa sine aller strengaste narkotikalovgjevnader.

- Dette har ein samanheng. Narkomane i Noreg blir gjort til kriminelle fordi samfunnet har nulltoleranse mot narkotika, og store ressursar blir brukt på å jakte tunge brukarar rundt i det offentlige rom framfor å gje dei hjelp. Vi treng ny kurs i narkotikapolitikken, og eit av dei nye tiltaka bør vere heroin på resept til tunge misbrukarar, seier Michelsen.

Kontaktperson: Lars-Henrik Michelsen, 980 333 01


Unge Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo, tlf: 22 40 43 57, mail: unge@venstre.no
Hosting og utvikling av Capasit | Drevet av Plone
For innhold laget av Unge Venstre gjelder ingen copyright.