Side-alternativer

Regjeringa må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!

av Sveinung Rotevatn sist endret 14.07.2009

I dag går det ein bloggstafett gjennom landet, der bloggarar og organisasjonar av alle politiske fargar ber regjeringa seie nei til EUs datalagringsdirektiv - eit av vår tids grovaste åtak på personvernet. Unge Venstre var blant dei første som ropa varsku mot direktivet då det først vart vedteke, og vi sluttar oss med dette til oppropet.

Regjeringa må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!

Datalagringsdirektivet fører med seg ei plikt for data- og teleselskap til å lagre opplysningar om elektronisk kommunikasjon i opptil to år. Foto: www.sxc.hu

Personvern er ein grunnleggjande verdi i eit demokrati. Personvernet inneber ein rett til å vere i fred frå andre, men òg ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som vert opplevd som personlege. Etter artikkel 8 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) vert personvern sett på som ein menneskerett.

Med ein mogleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgaranes elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet vart vedteke av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Han har aldri før blitt brukt, men så har ein heller aldri stått andsynes eit direktiv som representerer eit så stort trugsmål mot demokratiets grunnleggjande verdiar som det datalagringsdirektivet gjer.

Vi som publiserer dette innlegget krev at regjeringa seier ifrå no før valet om dei vil gjere datalagringsdirektivet til norsk lov eller ikkje. Å ikkje ta stilling, slik regjeringa har gjort i over tre år, er det same som stillteiande aksept.


Regjeringa må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!

Desse støttar saka og har publisert eit liknande innlegg på sin blogg:

Lars-Henrik Paarup Michelsen, 2.kandidat - Hordaland Venstre
Mads Munthe-Kaas, Bergen Venstre
Carl Christian Grøndahl, Bergen Venstre
Vox Populi, Blogger Knut Johannessen
Virrvarr; Blogger Ida Jackson
Per Aage Pleym Christensen, Liberaleren
Even Sandvold Roland, evensr/#drittunge
Torstein Dahle, Partileder Rødt
Robert Sørensen, www.teknonytt.com
Boye Bjerkholt, Leder Skedsmo Venstre
Runar Mæland, ungdomskandidat Hordaland Venstre
Jonas Eilertsen, 1. nestleder Unge Venstre
Tanketom, Andreas H. Opsvik
Jon Lien, master på Politisk Økonomi
Svein Ølnes, It-forsker & bonde
Stian Skår Ludvigsen, Statistiker - valgprognose
Bjørn Magne Solvik, blogger
Vampus, blogger Heidi Nordby Lunde
Bjørn Stærk, blogger
Erlend Sand, leder i Europeisk Ungdom
Bjørge Solli, blogger
Bjørn Smestad, blogger
Polecon, blogg om politisk økonomi
Odd Corner, blogger og Venstremedlem Odd Bovim
Tredje vei, Unge Venstres valgkampanje 09
Liberalist? Javisst!
Pål Hivand, kommunikasjonsrådgiver og blogger
Linn Beates liberale, Linn Beate Kaald Thoresen, Venstrepolitiker i Oslo, og blogger
Unkownrebel, blogger
MortenM, Morten Myksvoll, 2.nestformann i Fremskrittspartiets Ungdom
Vindheimbloggen, Jan Bojer Vindheim, De Grønne
Gisle Hannemyr, forsker IT/informatikk
Problematisk, blogger Stian Andreassen
Hjerter i grønt, blogger Øyvind Strømmen, Miljøpartiet De Grønne
Ungdom mot EU
Rødt, partiet
Unfiltered perception, blogger Gunnar Roland Tjomlid
Floken i nettet, blogger Arne Brendmo


Du kan vere med ved å bruke denne teksten eller ein variant av han på di eiga nettside. Du kan òg støtte saka ved å spreie bodskapen på twitter, facebook, origo eller andre nettstader du ser på som relevante. Snakk med folk du møter på jobben, heime, på kafe og i ferien. Du bør òg signere oppropet mot EUs datalagringsdirektiv, melde deg inn i facebookgruppa mot direktivet og støtte liberalerens e-postkampanje. Dersom du vil lære meir kan du starte med EMK artikkel 8 og reservasjonsrett EØS . “Regjeringa må ta stilling no - sei nei til datalagringsdirektivet!” er publisert med lisensen Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Norway License. Kort fortalt betyr det at du fritt kan bruke denne teksten så lenge du brukar same lisens sjølv og lenker tilbake til oss.


Unge Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo, tlf: 22 40 43 57, mail: unge@venstre.no
Hosting og utvikling av Capasit | Drevet av Plone
For innhold laget av Unge Venstre gjelder ingen copyright.