Side-alternativer

Søk på Unge Venstre-skulen trinn 3

av Sveinung Rotevatn sist endret 24.02.2010
Tema: Unge Venstre

Unge Venstre-skulen trinn 3 vert arrangert éin gong i året, og alle medlemmar kan søkje om plass. Her får du toppskulering innan organisasjonsarbeid, politikk, leiarskap, tale- og debatteknikk og mykje, mykje meir. Årets UV3 vert arrangert 12.-14. mars i Drammen.

Søk på Unge Venstre-skulen trinn 3

Etter suksessfylte arrangement på Gardermoen og i Lillestrøm, står no Drammen for tur som vertskap for UV3.



Kven kan søkje?

Unge Venstre-skulen trinn 3 (UV3) er ope for alle Unge Venstre-medlemmar. Det er likevel eit krav at ein har gjennomført UV2. Dersom du veit at du skal gjennomføre UV2 før 12. mars er det berre å søkje allereie no.


Korleis søkjer eg?

Søknaden skal innehalde ein kort presentasjon av deg sjølv. Der skriv du kven du er, kva erfaring du har frå Unge Venstre, kva du kan tenkje deg å bidra med i framtida og kvifor nettopp du bør få høve til å reise på UV3. Søknaden skal ikkje vere lengre enn ei halv side, og skal sendast til sveinung@liberal.no.

Søknadar må vere komne inn seinast 1. mars, og må gjerne sendast inn tidlegare.


Kven får vere med?

Det er plass til maksimalt 30 deltakarar på kurset. Kvart fylkeslag er garantert minst éin deltakar, og ut over dette vert deltakarar plukka ut basert på kvaliteten på søknadane. Alle søkjarar får melding om dei kjem med eller ikkje så snart søknadsfristen har gått ut, og vil såleis ha i underkant av to veker på seg til å bestille billettar og byrje å førebu seg. Alle utgifter i samband med reise og opphald vert dekka av Unge Venstre. Program og praktisk informasjon vert tilsendt deltakarane så snart søknadsprosessen er over.


Unge Venstre er ein stor organisasjon med veksande medlemstal. På UV3 lærer du det du treng for å verkeleg kunne engasjere deg på alle nivå.


Kva får eg oppleve?

UV3 er det tredje steget i Unge Venstre-skulen. Dette er kurset for deg som kunne tenkje deg ei aktiv rolle i Unge Venstre, det vere seg i lokallags- eller fylkesstyret, som skuledebattant eller som tillitsvald på sentralt nivå. Vi gjev deg toppskulering innan Unge Venstre sine politiske kjerneområde, organisasjonsarbeid, presse- og medieprofilering, leiarskap, tale- og debatteknikk med meir. Kurset går over ei helg, og du får møte mange dyktige innleiarar og kurshaldarar - både interne og eksterne. I tillegg til det faglege programmet, vert det sjølvsagt også mykje moro og sosiale arrangement på kveldstid. Etter UV3 vert du kort fortalt ein ferdig utdanna ekspert på Unge Venstre.



UV3 på Gardermoen våren 2008


Gjennomført UV3 er i tillegg eit krav for å kunne søkje på det fjerde og siste trinnet i Unge Venstre-skulen, som består av eit vekelangt praktikantopphald på Stortinget.


Spørsmål? Send ein e-post til 1. nestleiar Sveinung Rotevatn (sveinung@liberal.no), eller ring/send SMS til tlf. 951 46 487.

Verktøy

Gå til fylkeslag:


Logg inn
Registrér deg
 

Unge Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo, tlf: 22 40 43 57, mail: unge@venstre.no
Hosting og utvikling av Capasit | Drevet av Plone
For innhold laget av Unge Venstre gjelder ingen copyright.