Unge Venstre-skulen trinn 2
I januar og februar vert det arrangert Unge Venstre-skulen trinn 2 (UV-2) over heile landet. UV-2 er eit helgekurs der deltakarane får ei solid innføring i organisasjonsarbeid og liberal politikk, og gjennom helga vert det spanande føredrag, lærerike workshops og sosialt samkvem med liberal ungdom frå heile landet.
I tillegg til grundig skulering i Unge Venstres politiske kjernesaker, får ein grundig opplæring i å skrive lesarbrev og pressemeldingar, å organisere aksjonar og kampanjar, samt å arbeide innanfor eit fylkes- eller lokallag.
UV-2 er andre trinn i Unge Venstres skuleringsopplegg for aktive medlemmar. Det er ein fordel at deltakarane har gjennomført introduksjonskurset UV-1, men dette er ikkje noko krav. Derimot er gjennomført UV-2 eit krav for å kunne søkje på UV-3, som er eit nasjonalt kurs for vidarekomne medlemmar. I år vert UV-3 arrangert 12.-14. mars, og ca. 30 deltakarar vert plukka ut etter søknad. Etter gjennomført UV-3 er det også mogleg å søkje på UV-4, som er Unge Venstres toppskulering. Kurset inkluderer eit vekelangt praktikantopphald på Stortinget, og 3-5 deltakarar vert plukka ut etter søknad. Meir informasjon om UV-3 og UV-4 kjem i løpet av våren.
I vinter vert Unge Venstre-skulen trinn 2 arrangert på fire ulike stadar i landet. I utgangspunktet er kursa opne for medlemmar i dei tilgrensande fylkeslaga (sjå under), men dersom ein ikkje har høve til å kome den aktuelle helga er det mogleg å søkje seg til andre stadar i landet. Reise, mat og opphald vert dekka av Unge Venstre (på somme av kursa mot ei moderat deltakaravgift). Under følgjer ei oversikt over kontaktinformasjon og datoar for dei aktuelle kursa denne vinteren:
Tromsø: 22.-24. januar
Primærfylkeslag: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag
Påmelding/informasjon: Elin Sandvik (elin_katrine_smiley03@hotmail.com)
Bergen: 12.-14. februar
Primærfylkeslag: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal
Påmelding/informasjon: Hanne Kvilhaugsvik (hanne.kvilhaugsvik@gmail.com)
Kristiansand: 12.-14. februar
Primærfylkeslag: Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark
Påmelding/informasjon: Ingvild Wetrhus Thorsvik (ingvild.thorsvik@venstre.no)
Hobøl i Østfold: 26.-28. februar
Primærfylkeslag: Østfold, Akershus, Oslo, Vestfold, Buskerud, Oppland, Buskerud
Påmelding/informasjon: Per Magnus Finnanger Sandsmark (per.magnus@venstre.no)