Side-alternativer
Uttalelse fra Unge Venstres landsstyre:

På tide å seia ja til genmat

av Jonas Eilertsen sist endret 20.12.2008
Tema: Landbruk

Unge Venstre meiner Noreg må opna for å ta inn trygge genmodifiserte varer. Å løfta to milliardar menneske ut av fattigdom utan å laga ei klimakatastrofe er den største utfordringa vår, og genteknologi er ein naudvendig del av svaret.

På tide å seia ja til genmat

Unge Venstre mener det er på tide å si ja til genmodifisert mat (foto: sxc.hu)

I sommar fekk to sortar genmodifisert mais godkjenningsstempel frå Direktorat for Naturforvalting (DN). Noreg har frå før av verdas strengaste lover for genmodifiserte organismar (GMO), og tar ikkje inn nokon genmodifiserte varer direkte. Tilrådinga frå DN om å opna for import av desse maissortane er grunngjeve med at dei er like trygge for helse og milijø som vanleg mais.

Unge Venstre meiner regjeringa må følgja tilrådinga frå DN, og leggja om til ei meir liberal haldning til genteknologi.

Bioteknologi i jordbruksprodukt har kome langt. Genmodifiserte organismar blir i dag dyrka over store delar av verda, ikkje minst i fattige land. Det er fordi genteknologi kan gi større avlingar som dessutan er mindre sårbare mot ustabile klimaforhold. Det er aldri påvist nokon skadelege verknader av GMO på helse eller miljø som tilseier at dagens praksis må endrast.

Folketalet på jorda kan stiga opp mot ni milliardar fram til 2050. Samstundes gjer velstandsutviklinga i store deler av verda at millionar av menneske kvart år får høve til å eta seg mette på skikkeleg mat for første gang. Det tyder at matproduksjonen må auka drastisk for å følgja etterspurnaden.

Samstundes gjer den globale oppvarminga at avlingar år etter år blir truga av tørke, flom og monsunar. Ørkenspreiing og havstiging gjer at dyrkbar jord blir utilgjengeleg. For å møta klimatrugsmålet, blir dessutan meir og meir dyrka jord brukt til å produsera grønt drivstoff. Difor er det tvingande naudvendig å skjerpa effektiviteten på dei gjenverande jordareala. Her kan genteknologi vera ei løysing.

Unge Venstre støttar prinsippet med å vera føre var. Men i ei verd med fleire og fleire innbyggjarar som treng mat, samstundes som global oppvarming trugar avlingar, er det med dagens kunnskap meir risikabelt å la vera å satsa på GMO.


Unge Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo, tlf: 22 40 43 57, mail: unge@venstre.no
Hosting og utvikling av Capasit | Drevet av Plone
For innhold laget av Unge Venstre gjelder ingen copyright.