Mandagsmøte: Det store klimamøtet
Det nærmer seg klimamøtet i København, og derfor presenterer Hordaland og Bergen Unge Venstre mandagsklimamøte!
Me får besøk av vêrdame og Venstre-medlem Eli Kari Gjengedal og forskar Helge Drange frå Bjerknessenteret for klimaforsking. Me ser på klimautfordringa frå fleire sider, og spør: kva må eigentleg til for å få folk med på dugnad for å unngå dei farlege klimaendringane?
OBS: Merk at møtet ikkje er på UV-kontoret denne gongen, men på NSU sitt møterom på Studentsenteret. Me skiltar vegen, og om du ikkje finn fram kan du ringa Hanne på tlf. 99 48 72 31.
Møtet begynner som vanlig kl. 18:00