Side-alternativer

Sogn Unge Venstre er stifta

av Sveinung Rotevatn sist endret 18.02.2010
Tema: Unge Venstre

18. februar fekk Sogn og Fjordane Unge Venstre sitt første lokallag. Under eit kveldsmøte på Fosshaugane Campus vart det nye lokallaget stifta, og Merete Kulset frå Årdal vart vald til første leiar i Sogn Unge Venstre.

Sogn Unge Venstre er stifta

Konferanserommet var dekka med kaffi og sylte frå Lerum. Sogningane fornektar seg ikkje.

Kvelden starta med ei gjennomføring av første trinn i Unge Venstre-skulen. 1. nestleiar Sveinung Rotevatn hadde reist til Sogndal for å vere kurshaldar, og dei 11 frammøtte fekk ei solid innføring i Unge Venstres politikk, ideologi og organisasjon.

- Det var kjekt å sjå så mange frammøtte. Sogn og Fjordane har jo tradisjonelt ikkje vore fylkeslaget med høgast aktivitet, men dette lovar veldig godt for framtida, seier Sveinung.


Stiftingsmøtet på Fosshaugane Campus var godt overvaka.


Etter kurset var det duka for stiftingsmøte i Sogn Unge Venstre. Med unnatak av ein oppheita debatt om kor vidt laget skulle heite "Sogn" eller "Indre Sogn" Unge Venstre, gjekk det heile pent og pynteleg for seg. Fylkesleiar Aleksander Nygaard Åsnes var ordstyrar for møtet, og var godt nøgd med å endeleg få på beina eit lokallag.

- Å få etablert eit lokallag har vore eit hovudmål for det nye fylkesstyret. No har vi fått på plass Sogn Unge Venstre, og neste mål er å få stabla på beina eit lokallag også i Sunnfjord, seier fylkesleiaren frå Førde.


Fylkesleiar Aleksander Nygaard Åsnes mønstrar troppene.


Som leiar for laget valde årsmøtelyden Merete Kulset (19) frå Årdalstangen. Merete er grafikarlærling, og har vore aktiv i Unge Venstre sidan i haust. No gler ho seg til å ta fatt på det nye vervet som lokallagsleiar.

- Eg likar meg godt i Unge Venstre, og det var kjekt at årsmøtet gav meg tillit som leiar. No gjeld det å verve nye medlemmar i nærområdet og få aktivisert desse. På årsmøtet vart det etterlyst både skulebesøk og aksjonar, og det er absolutt aktivitetar vi skal få i gong, seier ein nøgd lokallagsleiar.


Merete Kulset frå Årdalstangen er leiar i Sogn Unge Venstre.


I tillegg til Merete Kulset består det nye styret av Nora Vigen, Halvor Gregusson, Hilde Stafsnes Osland og Ragnhild Berge Feidje.


Unge Venstre gratulerer det nye lokallaget og ynskjer lukke til med arbeidet.



Verktøy

Gå til fylkeslag:


Logg inn
Registrér deg
 

Unge Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo, tlf: 22 40 43 57, mail: unge@venstre.no
Hosting av Nidelven IT | Utviklet av Chris, den eminente | Kunstnerisk uttrykk ved Hansemann | Drevet av Plone