Velkommen til Rogaland Unge Venstre

Me er det liberale partiet i Rogaland som kjemper for eit grønt fylke. Me vil mellom anna gi deg ungdomskort til 300 kroner, tillate fri fildeling på internett og forby pelsdyroppdrett.


Leder: Malin Elisabeth Bjerknes Sviland
Tlf: 413 57 027
Mail: malinelisabeth@live.no

 

Nestleder: Ingeborg Undheim
Tlf: 950 86 544
Mail: in.gis@hotmail.com

 

Nestleder: Nora Shaban
Tlf: 476 71 899
Mail: norash1996@hotmail.com

Kjære lesar,

Som du sikkert har fått med deg, så er Unge Venstre eit sjukt kult ungdomsparti.

Det er fordi me set deg i sentrum. Me vil at du skal ha fridomen til å gjere som du vil, så lenge det ikkje går ut over andre sin fridom. Du skal få leve på ein planet der klimaendringar ikkje legg hindringar for deg. Eller barnabarna dine.

Du skal gå på ein skole som er tilpassa akkurat deg. Ein skole som er lik for alle passar like dårleg for alle. Derfor skal du få lage din eigen timeplan, slik at du blir betre i det du treng for å skape ei best muleg framtid for deg sjølv.

Når du har lyst til å sjå den ferske episoden av Game of Thrones, så skal det vere opp til deg om du vil sjå den gjennom HBO-abonnementet ditt eller på thepiratebay. Det er det ingen andre parti som vil tillate deg.

Noko av det mest opprørande med dagens politiske situasjon er at staten finansierer dyremishandling. Gjennom pelsdyroppdrett blir rovdyr satt i små bur uten sjansen til å utføre sine grunnleggande instinkter. Det fører til at pelsdyr som rev og mink blir så frustrerte at enkelte skader seg sjølv og spis av eigne kroppsdeler. Unge Venstre krev at pelsdyrindustrien blir lagt ned så fort som råd. Dyremishandling med statlege midler er ikkje Noreg verdig.

Høyrest noko av dette ut som ålreit politikk? Bli med, då vel! I Rogaland har me ein drøss temamøter om ulike spennande saker i både Stavanger og Haugesund. Innimellom har me liberale kafé-møter kor me diskuterer ulike politiske emner, omfamna av god stemning, gratis kaffi og kule folk.

Me har lokallag i Stor-Stavanger og på Haugalandet. Har du lyst til å bli aktiv eller vere med på å starte opp lokallag der du bur? Då er me ufatteleg glad i deg!

Finn oss på Facebook her.