Bli med Unge Venstre til Georgia!


Bilde fra seminaret i juni!

Den 17. til 21. oktober er det igjen tid for den kulaste internasjonale turen Unge Venstre har å tilby, nemlig seminar i Georgia! Årets tredje seminar i prosjektet Liberal Future - eit prosjekt internasjonalt utval har saman med søsterorganisasjonar i Georgia, Aserbajdsjan og Armenia - tek stad i Tbilisi, og tema for seminaret er "Human Rights". Fokus vil ligge på menneskerettsbrot i regionen, og vi vil bruke seminaret til å lære om dette og diskutere moglege løysingar.


Kan love nokre kjekke og lærerike dagar der du vil bli kjent med liberale ungdommar frå Sør-Kaukasus, samt lære mykje om den politiske situasjonen i området, i eit menneskerettsperspektiv! For ikkje å snakke om all den gode maten. Høyres dette spennande ut? Naturligvis. Då bør du søke!


Søknadsfristen er sett til 19. september. Deltakarar må betale eigenandel på 250 kr, samt vere fylt 18 år ved avreise.


Søknaden bør innehalde:

  • Navn

  • Alder

  • Fylkeslag

  • Din motivasjon for å søke

  • Eventuell anna internasjonal erfaring

Søknad sendast til kaukasusansvarlig Amalie Ringdal Birkhol på e-post: amalie.birkhol@gmail.com, med kopi til internasjonal leiar, Louise Bårdsen, på e-post: louise.bardsen@venstre.no


Snakkes i Tbilisi!