Har du lyst til å arbeide med fylkesordførarkandidat Anja Endresen, stortingsrepresentant Iselin Nybø og ikkje minst Eirik Tangeraas Lygre i årets valkamp på eit gigantlokale MIDT PÅ ARNEAGEREN? Klart du har. Rogaland Unge Venstre er på jakt etter valkampsekretær til årets segnomsuste lokalval.
Arbeidsoppgåver er i hovudsak å ha det organisatoriske ansvaret for valkampen til Rogaland Unge Venstre. Sentralt står skulevalkampen og samarbeid med tillitsvalde i RUV og Rogaland Venstre.
Det er ein(stor) fordel med ein fleksibel kvardag i august og dei første to vekene i september. Blant tidlegare valkampsekretærar kan nemnast: - Eirik Tangeraas Lygre(no suksessfull historiestudent)
Stillinga er honorert, og dessutan ein føresetnad for å få ei suksessfull framtid. Søknadar kan sendast til eirik.lygre@venstre.no. Søknadsfrist er søndag 29. juni.
Søknad bør innehalde ein kort biografi(namn, bustad, eventuelle verv, alder og e-post), og 150 ord om kvifor du vil bli valkampsekretær.
Ver fabelaktig - søk no!