Ei fredeleg løysing i Nagorno-Karabakh

Oppdatert: 4. okt. 2018

Uttalelse vedtatt på sentralstyremøtet 25.09.16 - utgått


Konflikten i den sjølverklærte republikken Nagorno-Karabakh, mellom Armenia og Aserbajdsjan, har vore pågåande sidan 1988, og ser ikkje ut til å ha noko løysing i sikte. Etter Nagorno-Karabakh-krigen (1988-1994) som tok 30 000-40 000 liv, har det vore ein uoffisiell våpenkvile. Konflikten oppstod mellom anna grunna det svært gode jordsmonnet i Nagorno-Karabakh. Sidan 1994 har regionen bore preg av sporadisk vald og aggresjon, høg spenning og mangel på politisk framgong.


I dag er Nagorno-Karabakh anerkjent av FN som ein del av Aserbajdsjan, men Armenia har kontrollen over området. Etter krigen mellom 1988 og 1994 forsvann dei fleste aserbajdsjanarane, og i dag består området for det meste av etniske armenarar. Begge landa ser på regionen som ein del av sitt eige territorium. Nagorno-Karabakh har sjølv erklært seg ein republikk, og har eigen president og eit til ein viss grad autonomt politisk system. Unge Venstre meiner det ikkje er haldbart å oppretthalde ein slik uklar og tvitydig situasjon og at ein ikkje bør vere lukka for å anerkjenne Nagorno-Karabkh som ein sjølvstendig republikk.


1.-5. april 2016 hendte det nye samanstøyt i regionen, med aserbaijdsjanske styrkar som prøvde å ta kontroll over territorium som låg under republikken Nagorno-Karabakh. Resultatet vart fleire dødsfall, og episoden har vorte beskrive som den verste hendinga i regionen sidan krigen frå 1988-1994. Framleis er regionen prega av aggresjon.


Unge Venstre krev ei multilateral, fredeleg forhandling for å løyse den lange konflikten og stoppe bruken av vald i Nagorno-Karabakh. Alle partar må få representasjon i forhandlingane, i tillegg til ein uavhengig tredje part. Forhandlingane må ta omsyn til meininga til alle partar i konflikten, medrekna sjølvstyremyndigheitene i Nagorno Karabakh. Målet med avtala må vere å hindre fleire samanstøyt i framtida, og å komme fram til ei endeleg løysing på konflikten. I mangel på dialog har mange døydd, og mange lev i naud. No er tida overmoden for ei varig diplomatisk løysing.


Unge Venstre meiner: - berre dialog kan sette ein siste stoppar for konflikten i Nagorno-Karabakh - ei framtidig forhandling bør inkludere ein uavhengig tredjepart som kan bidra i forhandlinga - det internasjonale samfunnet bør vere opne for å anerkjenne republikken Nagorno-Karabakh, om det skulle følgje som resultat av ein demokratisk prosess