Er du vår ungdomskandidat til stortingsvalet 2017?

Neste år er det stortingsval, og me treng unge dyktige Venstre-folk på tinget! Allereie no er arbeidet med å lage vallista i gong, og saman med Ingrid Handeland og Johanna Winther har Eirik Natlandsmyr fått æra av å sitje i nominasjonsnemda for å finne Hordaland sin ungdomskandidat til stortingsvalet.


Kjenner du på stortingsdraumen, eller har innspel til kven som burde vore kandidat for valet 2017?


Då vil me gjerne høyre frå deg! Gje ein lyd på e-post: eirik.natlandsmyr@gmail.com, telefon 97575741, eller ved å sende Eirik Natlandsmyr ei medling på Facebook. Frist for å stille er 25. april.


Nominasjonsmøtet vert truleg måndag 23. mai, meir informasjon kjem når det nærar seg.