Faktafeil frå arbeidarrørsla i Sauda

For to veker sidan gjekk venstresida i Sauda hardt ut mot den blå regjeringa sitt endringsforslag til arbeidsmiljølova i lokalavisa Ryfylke. No reagerer leiar av Rogaland Unge Venstre, Eirik Tangeraas Lygre, på faktafeil frå arbeidarrørsla.


Krev faktasjekk

– Diskusjonen om at regjeringa vil fjerne fireårsregelen for midlertidig tilsetting er ein kunstig diskusjon. Det er ikkje det som no er føreslått av Høgre og FrP, snarare tvert om. Regjeringa diskuterer på grunn av Venstre å betre regelen slik at midlertidig tilsette får rett på fast jobb etter tre eller to år, og ikkje fire, slik det er i dag, påpeiker Tangeraas Lygre.


Offentleg tilsette må få same vilkår

Regelen om å få fast jobb etter midlertidig tilsetting gjeld berre private. – Venstre stiller krav til regjeringa om at ein skal få fast jobb etter berre to år, og det skal óg gjelde offentlege instansar. Det gamle regelverket rammar nokre av dei viktigaste yrkesgruppene me har i Sauda; hjelpepleiarar, lærarar og politifolk. Det er uforståeleg at ikkje arbeidarrørsla seier noko om dette, fastslår ungdomspolitikaren.


Misforstår fridomsomgrepet

Geir Allan Stava, leiar i LO Nord-Rogaland, kritiserte i eit lesarinnlegg i Ryfylke i førre månad høgresida sitt fridomsomgrep. Óg her synest Tangeraas Lygre at venstresida har feil oppfatting av konseptet.


– Dei vil, som Venstre, ha fråver av materielle hindringar slik at alle har like moglegheiter. Det er bra, men fridom handlar óg om å gi folk sjansen til å styre sine eigne liv, og akseptere at andre tek andre val enn du sjølv ville gjort, meiner han, og synest difor at venstresida ikkje burde kritisere regjeringa kvar gong regjeringa opphevar eit forbod.


Les meir om utspelet her: http://ryfylke.net/2014/08/05/skuldar-arbeidarrorsla-faktafeil/ eller på facebooksida til Rogaland Unge Venstre.