Fiskerinasjonen Noreg og det grøne skiftet

Utgått uttalelse vedtatt av Landstyret 12.06.2016



Fiskerinasjonen Noreg står ovanfor eit val som vil definere norsk fiskeri og dens drift i mange tiår framover. Spørsmålet om trålerar skal verte forbodet er både kontroversielt og omdiskutert. Set ein tråling opp mot linefiske, ser ein fleire fordelar når det gjeld både kvaliteten på fisken og miljøet ved å velje linefiske føre tråling. Unge Venstre ynskjer førebels ikkje å forby trålefiske, men tykkjer at styrking av insentiva til å gå over til linefiske bør vere ein del av det grøne skatteskiftet.


Det Stavanger-baserte forskingsinstituttet Nofima, lanserte i 2010 ein rapport som syner at kvaliteten på fisken som verte fiska ved bruk av line i staden for trål er betydelig høgare. Kjøtkvaliteten er kvitare og fastare, grunna betre utbløding og færre klemskader. Ein ser over tid at kvaliteten på norsk fisk har stege i takt med at Noreg har fått fleire linebåtar og færre trålarar. Det er ein trend ein ynskjer å sjå fortsette.


Miljøvinninga ved å velje linefiske føre trål, er også enorm. Rapportar frå Østfoldforsking syner at ein linebåt brukar rundt 0,32 liter diesel per kg rund fisk, medan ein vanleg trål brukar 0,58 liter på same målet, og ein fabrikkstrål brukar 0,72 liter. Fleire rapportar stadfestar at ved klimagassutsleppa verte mindre ved bruk av linebåt i staden for trål.


I tillegg til nedgong på klimagassutslepp, utfører linebåtar i større grad selektiv fangst som er ei viktig brikke i å forhindre overfiske i norske farvatn. Ved bruken av linefiske verte mengda av uønskt bifangst minimert, medan ein i tillegg skånar havbotnen i større grad enn det som er tilfelle under trålefiske. Påførande skader på havbotn og korallrev har vorte ein stadig veksande problematikk verda over der ein bedriv fiskeri med trålebåtar. Ved å fase ut bruken av trål i fiskeriet, sikrar ein også bevaringa av korallreva som viktige økosystem på havbotnen.


Unge Venstre ynskjer: • Ei utfasing av trålerar på norsk territorium innan 2050, gjennom ein kombinasjon av auka avgift på forureininga i fiskeriet og positive insentiv som finansiell støtte i ein overgongsfase for rederi som vil gå frå trålfiske til linefiske. • At fiskeriet og skal gjennom det grøne skatteskiftet, og at dette gjer seg synlig i oppfølginga av Grønn skattekommisjon i forbindelse med statsbudsjettet.