Godt nyttår!

Velkommen til eit nytt år i verdas beste fylkeslag! For deg som har vore aktiv, eller ønskjer å bli det kjem det her ei oversikt over aktivitetar i næraste framtid: 


Fylkesårsmøte i Hordaland Unge Venstre 16. januar

Me startar det nye året med årsmøte i Hordaland Unge Venstre laurdag 16. januar. Innkalling er sendt ut på mail, der ein også finn informasjon om tid, stad og fristar. Dersom du ikkje har fått innkalling, kan du sende mail til ingridhand@hotmail.com. Alle medlemmer av Hordaland Unge Venstre som har betalt kontingent har stemmerett på årsmøtet. Årsmøtet er Hordaland Unge Venstres øvste organ, og her er det ein gyllen moglegheit til å stille til val, fremme politikk eller endre korleis organisasjonen skal drivast.


Du kan framleis melde deg på her innan tysdag 12. januar (i morgon) for potensiell middag og overnatting, og følg med på Facebook her. Ein kan uansett møte på fylkesårsmøtet sjølv om ein ikkje har høve til å vere med heile dagen.


Mandagsmøter Dei tradisjonsrike mandagsmøtene held fram i år! Første møtet vert på Det Akademiske Kvarter kl. 18.00, 11. januar og er eit førebuingsmøte til årsmøtet. Synes du det verkar skummelt å delta på årsmøtet? Ta turen innom og finn ut av kva årsmelding, politisk fråsegn og generell politisk debatt er. Elles arrangerer Bergen Unge Venstre møter kvar mandag, og dei vert invitert til i god tid på facebook.


Kick-Off Oslo og Akershus Unge Venstre arrangerer også kick-off i 2016.  Dette er eit nasjonalt seminar Akershus og Oslo arrangerer for heile organisasjonen. Her er ein liten smakebit på kva dei skriv om innhald:


"Vi legger i år lista høyt for å få de beste foredragsholderne og innlederne til KickOff. Vi inviterer folk med høy faglig kvalitet, og også litt kjendisfaktor. Det blir også grundige skoleringer for alle, enten du er helt ny eller er en gammel traver. Dette seminaret passer for deg uansett tidligere erfaring!"


Me håpar flest mogleg set av datoen og tek turen til Oslo! Fylkesstyret har oppmoda fylkesårsmøtet til å setje av ein pott pengar til å dekke for minst deltakaravgift for alle som reiser. Meir informasjon kan du finne i Facebook-hendinga.


Årsmøter i Venstre – Bergen Venstre har årsmøte samstundes med oss, men startar tidlegare laurdag 16. januar – Hordaland Venstre har årsmøtet 6. og 7. februar. Me stiller mannsterke med 13 delegatar, så gje ein lyd til valkomiteen dersom du vil møte på Hordaland Unge Venstre sin delegasjon.


Følg elles med i Facebook-gruppa og pagen vår for fortlaupande informasjon om kva som skjer i Hordaland Unge Venstre.


Velkommen til 2016!