Hordaland og Bergen Unge Venstre har tilsett valkampsekretær!

Hels på Hordaland og Bergen Unge Venstre sin nye valkampsekretær, Emina!



Valkamputvalet for Hordaland og Bergen Unge Venstre tilsatte Emina Koch 16. april som vår valkampsekretær for komande kommune- og fylkesstyreval. Emina startar 1. juni med å legge rammene for valkampen, og vert frå 1. august tilsett i full stilling for å hjelpe oss med å vinne valet.


Emina er 24 år, og har vore aktiv i Unge Venstre i mange år. Ho meldte seg inn i 2009, og har gjennom tida opparbeida seg god kunnskap om organisasjonen. For tida studerer ho administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare vore medlem av fylkesstyret i Hordaland, og sit for tida i styret til Hordaland Europeisk Ungdom. Me meiner Emina har den erfaringen som trengs for å få oss trygt gjennom valkampen.


Emina gler seg stort til å ta fatt på arbeidet: "Jeg ønsker å få Neckelmann som borgermester, Erlend som byråd, og å hindre Harald Schjelderup i å få makt. Dessuten må Geir på Tinget. Hordaland Unge Venstre er helt sentral for å klare dette. Jeg vil gjerne gi mitt bidrag som valgkampsekretær".