Hordaland Unge Venstre søkjer valkampsekretær!

Hordaland Unge Venstre har ledig stilling som valkampsekretær med oppstart 1.juni. Stillinga er sett til å vere noko arbeid i starten av juni og 100% frå august til midten av september.


Valkampsekretæren vil ha det organisatoriske ansvaret for Hordaland Unge Venstre sin valkamp. Under valkampen vil valkampsekretæren fungere som koordinator av valkamparbeidet til Hordaland Unge Venstre, der skulevalkampen vil vere ein sentral del. Valkampsekretæren vil jobbe tett saman med Hordaland og Bergen Venstre sine tilsette, samt Hordaland Unge Venstre sine tillitsvalte.


Det er ein føresetnad at den tilsette har stor arbeidskapasitet og ein fleksibel kvardag. Kunnskap til Unge Venstre sin politikk og organisasjon er ingen krav, men ein klar fordel.


For ytterlegare spørsmål kan valkampleiar i Hordaland Unge Venstre, Martin Frøyland, kontaktast på telefon 90598403, eller e-post martin.froyland@venstre.no. Søknadar kan sendast på nemnte mail.


Søknadsfristen er 7. april.