Hustveit går for attval

Valkomiteen blei vald av Unge Venstre sitt landsmøte i 2014. Komiteen har arbeidd med å intervjua kandidatar som vil stilla til nasjonale verv i Unge Venstre og kjem no med innstillinga si.



Tord Hustveit er noverande leiar av Unge Venstre og valkomiteen innstiller på at han får attval. Tord er 23 år og kjem frå Eidsvoll i Akershus. Han har vore leiar av Unge Venstre sidan 2013. – Jeg gleder meg veldig til et år til i Unge Venstre og håper landsmøte gir meg den tilliten. Vi har økt antall medlemmer det siste året og har en sterk posisjon i Venstre. Det skal vi bruke det neste året til å påvirke Venstre i en mer liberal retning. Det er mange flinke folk som stiller til valg og jeg er heldig som får jobbe med en så bra gjeng, seier Tord. 


Som ny 1. nestleiar har valkomiteen innstilt på Grunde Kreken Almeland. Grunde er 24 år og kjem frå Øystese i Hordaland. Han bur i Oslo, studerer jus og har vore medlem av sentralstyret til Unge Venstre i eitt år. – Det er utruleg motiverande å få ein slik beskjed midt i ein hektisk valkamp. Å verte innstilt til eit nestleiarverv i ein organisasjon med så mange skarpe og flinke menneske er ei stor tillitserklæring. Eg gler meg til landsmøtet i oktober, og håper dei vil gje meg høve til å vera med på å byggje eit endå sterkare Unge Venstre i tida som kjem, kan ein særs nøgd Grunde fortelje.


Valkomiteen har vidare innstilt på Kevin Johnsen som ny 2. nestleiar. Kevin er 24 år og kjem frå Stavanger. Kevin bur i Bergen, er utdanna ingeniør ved Høgskolen i Bergen og studerer no ved Universitetet i Bergen. – Jeg vil først og fremst takke for tilliten fra valgkomiteen, og håper at landsmøtet er enig og vil gjøre det samme! Nå skal vi først vinne valget, og etter det gleder jeg meg til å bygge lokallag, inspirere enkeltmedlemmer og utvikle politikken, uttaler Kevin Johnsen midt i en travel valkamp.


Resten av valkomiteen si innstilling følgjer under. Innstillinga er samrøystes. – Det har vore stor interesse for å stilla til nasjonale verv i Unge Venstre i år. Det er me i valkomiteen svært glade for, seier Hanne Kvilhaugsvik, leiar for valkomiteen. – Me har kome fram til ei innstilling med dyktige, motiverte kandidatar som me trur er godt eigna til sine verv. Dei kjem frå ulike delar av landet og representerer ulike sider av Unge Venstre. Me trur dette er eit godt lag og at dei vil gjera ein god innsats for Unge Venstre i perioden som kjem.


Sentralstyret Leiar: Tord Hustveit, Akershus (f. 1992) - attval 1. nestleiar: Grunde Kreken Almeland, Oslo (f. 1991) - ny i dette verv 2. nestleiar: Kevin Johnsen, Hordaland (f. 1991) - ny i dette verv Internasjonal leiar: Elin Engerbakk, Hedmark (f. 1994) - ny i dette verv Sentralstyremedlemmar: Even Aronsen, Troms (f. 1994) - attval Benedicte Røvik, Hedmark (f. 1994) - attval Øydis Lebiko, Hordaland (f. 1993) - ny i dette verv Martin Frøyland, Hordaland (f. 1993) - ny i dette verv Tiril Eid Barland, Akershus (f. 1996) - ny i dette verv 1. vara: Hanne Bolstad Mæhlum, Hedmark (f. 1993) - ny i dette verv 2. vara: Andreas Økland, Hordaland (f. 1993) - ny i dette verv 3. vara: Siri Hofstad Ruud, Hedmark (f. 1994) - ny i dette verv 4. vara: Ragnhild Forsberg, Oslo (f. 1995) - ny i dette verv


Direktevalde til landsstyret Tor Frøytvedt Dahl, Oslo (f. 1996) - attval Linn Skyum, Østfold (f. 1995) - ny i dette verv Daniel Gangeskar, Sogn og Fjordane (f. 1996) - ny i dette verv Liv Aarberg, Møre og Romsdal (f. 1994) - ny i dette verv Audun Gotaas Bonde, Oslo (f. 1993) - ny i dette verv Ingeborg Vasrud Bastiansen, Vestfold (f. 1995) - ny i dette verv 1. vara: Sondre Hansmark Persen, Hordaland (f. 1995) - ny i dette verv 2. vara: Johanna Ronneng Winther, Hordaland (f. 1994) - ny i dette verv 3. vara: Anna Dåsnes, Oslo (f. 1998) - ny i dette verv 4. vara: Emile Schjønsby-Nolet, Hordaland (f. 1995) - ny i dette verv


Internasjonalt utval Internasjonal leiar: Elin Engerbakk, Hedmark (f. 1994) - ny i dette verv Medlem: Tobias Bashevkin, Hordaland (f. 1993) - attval Kristine Kolstad, Rogaland (f. 1995) - ny i dette verv Yngve Horvei, Oppland (f. 1997) - ny i dette verv Vilde Marie Ystmark, Nordland (f. 1999) - ny i dette verv Martin Nygaard, Oslo (f. 1995) - ny i dette verv Knut Øye Brandsås, Nord-Trøndelag (f. 1996) - ny i dette verv


Kontrollkomiteen Leiar: Simen Eriksen, Akershus (f. 1992) - ny i dette verv Medlem: Emina Koch, Hordaland (f. 1990) - ny i dette verv Anders Rykke, Oslo (f. 1991) - ny i dette verv


Moglegheit for benkeforslag Valkomiteen si innstilling er eit forslag til Unge Venstres landsmøte. Det er også moglegheit for å stilla benkeforslag, som vil seia at ein stiller opp mot ein av kandidatane som har blitt innstilt. Dersom du ønskjer å gjera dette bør du informera den personen du ønskjer å stilla opp mot i god tid før landsmøtet.


Spørsmål? Spørsmål knytt til valkomiteen sitt arbeid og innstillinga kan du ta opp med Hanne Kvilhaugsvik (tlf. 99 48 72 31). For kommentarar om innstillinga kan du ta kontakt med Tord Hustveit, leiar for Unge Venstre (tlf. 918 43 331)