Ja til behovsprøvd barnetrygd!

Noreg er eit av verdas rikaste land og fleire av oss har hatt ei naturleg inntektsauke dei siste åra. Nokon har likevel so lav inntekt og levestandard at dei har minimale moglegheiter til å delta fullt ut i samfunnet. I dag lever det cirka 78.200 barn i fattigdom i Noreg, og regjeringa burde sette i gong tiltak for å betre kvardagen til desse barna.



For desse 78.200 barna er kvardagen ein heilt annan enn for folk flest. For nokon handlar det om å ikkje ha moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar, gå på kino, vere med vener på cafè eller reise på ferie. Mens for andre handlar det om moglegheita til å kunne ha ordentlege buforhold, kjøpe sunn mat, klede, leikar, samt moglegheita til å kunne gå i barnehage eller delta på skulefritidsordninga/aktivitetsskulen.


Det er desse barna som treng hjelp i samfunnet. Eit tiltak for å hjelpe desse barna er ved å behovsprøve barnetrygda. I eit rikt land som Noreg treng ein ei barnetrygd som følgjer foreldra si inntekt, og ikkje slik som dagens at den er lik for alle. Det bør ikkje vere ei sjølvfølgje å motta barnetrygd.


Som dei fleste støtteordningar som inneheld mottaking av trygd bør dette vere inntektsbasert. Trygd bør vere for dei som faktisk har behov for det. Det at barnetrygda skal vere eit velferdsgode for dei aller rikaste, ser eg på som uhøyrt. Men det er likevel viktig å behalde ordninga for dei som treng den.


Ved å innføre ei behovsprøvd barnetrygd kan ein auke beløpet som per i dag ligg på 970,- til dei med aller lavast inntekt. Men ved å også ha eit minstebeløp på barnetrygda kan ein framleis inkludere menneske med ei gjennomsnittleg inntekt.


For meg finst der ingen logisk grunn til at ein ikkje skal innføre ei behovsprøvd barnetrygd. I alle år har velferdsgode vorte endra, men barnetrygda har stått urørt sidan 1996, og då var det berre ei lita inntektsauke på det generelle grunnlag i trygda. Av ein eller annan grunn verkar det som ein er redd for å røre ved barnetrygda. Poenget med å endre den er ikkje å ramme gjennomsnittsfamilien i Noreg, men å kutte unødvendig støtte til dei som allereie har nok frå før.


Når det kjem til viktige velferdsordningar som trygd, kan ein ikkje tenke at alt skal vere likt for alle. Ei aleinemor på Byrkjelo med tre barn og ei lav lønning har meir behov for barnetrygda enn Stein Erik Hagen sine barn. Ein må byrje å prioritere.

Det er no på tide ein gong for alle å gjere noko med barnetrygda og sørge for at dei som har minst i samfunnet får litt meir.


Daniel Gangeskar Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre og 4.kandidat til fylkestinget for Sogn og Fjordane Venstre