Landsmøte 2015

I helga heldt Norges Unge Venstre sitt 76. ordinære landsmøte i Oslo. Det har vore ei spanande helg fullspikka med gode debattar, nye vennskap og nyskapande politikk. Det vart mellom anna vedteke ei fråsegn om ein langsiktig plan for flyktningkrisa i Syria, ei om bærekraftig tekstilproduksjon, ei for korleis ete meir miljøvenleg, samt ei fråsegn som retta seg mot klimatoppmøtet i København.


I tillegg sigra Hordaland på alle frontar, og me vil gratulere Kevin Johnsen som ny 2. nestleiar, Øydis Lebiko og Martin Frøyland som nye sentralstyremedlemmer, Andreas Økland som vara til sentralstyret, Sondre Hansmark Persen, Johanna Ronneng Winther og Emile Schjønsby-Nolet som vara til direktevalte, Tobias Bashevkin som medlem av Internasjonalt utvalg og Emina Koch som medlem i kontrollkomiteen.


Takk for ei strålande helg!




På biletet - bak frå venstre: Martin Frøyland, Kevin Johnsen, Tobias Bashevkin, Andreas Økland, Sondre Hansmark Persen, Espen Hansmark Persen, Stian Magelssen, Emile Schjønsby-Nolet. Framme frå venstre: Agnes Hoshovde Bernes, Marianne Myrmel Bjelland, Emina Koch, Johanna Ronneng Winther, Øydis Lebiko, Ingrid Handeland, Finn Christian Arctander. 

I tillegg møtte André Habbestad og Eirik H. K. Natlandsmyr frå Hordaland Unge Venstre.