Nominasjonskomiteens innstilling

Oppdatert: mai 23

Etter intervjuar med fleire gode kandidatar samt interne diskusjonar, har nominasjonskomiteen i Vestland Unge Venstre avslutta sitt arbeid i prosessen mot å velje ungdomskandidatar for Stortingsvalet 2021. Det er ei stor glede for komiteen å kunngjere at me har valt å innstille på Ane Breivik som ungdomskandidat for Hordaland valkrins og Ole Martini som ungdomskandidat for Sogn og Fjordane valkrins. Nominasjonskomiteens innstilling er samrøystes.

Ane Breivik og Ole Martini (foto: Erika Melhus / Stad Venstre)

Komiteens innstilling er berre ei tilråding til organisasjonen. Det er medlemmane i Vestland Unge Venstre som skal ta den endelege beslutninga og velje ungdomskandidatane på nominasjonsmøte den 1. juni. For å sikre ein ryddig og rettferdig prosess oppmodar komiteen likevel til å varsle både den innstilte og organisasjonen i forkant dersom du vurderer å stille benkeforslag.


Ane Breivik

Ane er 21 år, og er nestleiar i Unge Venstre og leiar i Bergen Venstre. Ho studerer rettsvitskap ved Universitet i Bergen og har budd i Bergen sidan 2018.

Ane har lang fartstid i organisasjonen og er eit stort politisk talent. Som nestleiar i Unge Venstre er Ane ein synleg politikar båe i media og på sosiale medier. Ho er tydeleg liberal og er spesielt opptatt av klimapolitikk og asylpolitikk. Ane har mykje erfaring med valkamp og skulevalkamp. I 2019 var Ane valkampsrådgivar for Bergen Venstre, og har derfor klare tankar om korleis ein valkamp bør gjennomførast for å lukkast. Nominasjonskomiteen meiner denne erfaringa er noko som er særs nyttig når ein går inn i ein stortingsvalkamp.


Ole Martini


Ole er 21 år, og er leiar i Vestland Unge Venstre. Han kjem frå Stad og studerer for tida rettsvitskap ved Universitet i Bergen.

Ole har mykje nyttig erfaring som han har fått gjennom sitt leiarverv i Vestland Unge Venstre og tidligare som nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ole har vist stor arbeidskapasitet under utfordringa av valkamp i eit stort og spreidd fylke. I valkampen i 2019 tok han store delar av skuledebattane i Sogn og Fjordane åleine. Han er særleg sjølvgåande, og tar eit større tak enn mange for Venstre i valkampen.


Nominasjonskomiteen er sikre på at Ane og Ole vil gjere ein god jobb som ungdomskandidatar, og er overtyda over at dei begge vil vere sterke kandidatar både i nominasjonsprosessane og i valkampen.

Komiteen har bestått av Dina Bovim, Bendik Frammarsvik Larsen, Miriam Louise Seim og leiar Agnes Hoshovde Bernes. Spørsmål om innstillinga kan sendast på mail til agnes.bernes@venstre.no.