Unge Venstre sitt landsmøte gjekk av stabelen i Røde Kors sine lokale i Oslo.
21.-23.oktober var 150 liberale og engasjerte ungdommar samla i Røde Kors sine lokale for å vedta ny politikk og å styrke det liberale fellesskapet. Det var stor takhøgde for mange ulike synspunkt og latteren sat laust. I år var det tid for å behandle politisk plattform og mange sendte engasjert inn forslag til saker.
Unge Venstre bør jobbe med i tida framover. Her er eit lite utval:
Det vart blant anna vedteke at rasismeparagrafen slik den er i dag bør fjernast og mindre diskriminering av ulike religiøse hovudplagg i ulike samanhengar.
Unge Venstre ønsker også større kommuner og meir administering og ansvar av ulike område til kommunene.
Personvern var også ei viktig sak. Unge Venstre ønsker meir privatliv for enkeltmenneske og kun overvåking ved mistanke om kriminelle handlingar.
Retssystemet var eit svært omdiskutert tema på landsmøtet i år. Unge Venstre ønsker høgare krav til dei som blir utnemnde til lekdommarar.
På rusområdet vedtok landsmøtet at vi ønsker å betre forholda for rusavhengige i fengsel. Samtidig ønsker Unge Venstre å jobbe for regulering av alle narkotiske stoff samt opne opp for brukerrom.
Likestilling: Mindre kvotering og likere lønn og status mellom kvinne- og mannsdominerte yrke. Barn skal kunne ha fleire enn to juridiske foreldre. Vi ønsker å betre adopsjonsmoglegheitane til likekjønna par.
Barnehage: Det skal jobbes for betre kvalitet i barnehager framfor å fokusere på eventuell profitt i private barnehager.
Skule: Fjerne ordenskarakter, opplæring i engelsk tidlegare i skuleløpet og fritt skuleval i grunnskulen.
Høgare utdanning og forskning: Inntak på grunnlag av relevante karakterar, å fjerne inntekts- og formueskatten for å motta studiestøtte og styrking av minoritetsspråk som samisk og tegnspråk i det norske samfunnet.
Inkludering og tryggleik: Lavere krav for å få norsk statsborgerskap, gratis SFO og barnehage som erstatning for barnetrygd samt behovsprøvd barnetrygt. I tillegg ønsker vi likedeling av foreldrepermisjonen.
Næringsliv og økonomi: Søndagsopne butikkar, fjerne tenestemannslova og meir effektiv boligpolitikk ved å bygge i høgda.
Klima- og energi: Meir kutt i utslepp frå Norge si side, meir bruk av miljøvennleg dristoff. Noreg bør stå i front for kutt av utslepp.
Europa: Betre forhold for handel i EU med lavere subsidier og tettare samarbeid i forbindelse med flyktningekrisa.
Det vart også vedteke tre uttalelser: «Alle løsninger må tas i bruk for et klimavennlig landbruk», «Norge trenger fortsatt reformer» og Nei til dumping av gruveavfall i sjø - ja til avgift på gruveavfall».