Ole Martini vald som ungdomskandidat av Vestland Unge Venstre!

På digitalt nominasjonsmøte i Vestland Unge Venstre 1. juni blei fylkesleiar Ole Martini vald som Vestland Unge Venstres ungdomskandidat til stortingsvalet 2021 for Sogn og Fjordane valkrins.


- Eg er utruleg takksam for tilliten som Vestland Unge Venstre har gitt meg, og gler meg til å kjempe for eit framtidsretta, opent og inkluderande Noreg i det komande stortingsvalet.


- 2021-valet blir avgjerande for Venstre. Midt i denne krisa er det enkelte politikarar som ikkje vil sjå forbi fossilalderen. Venstre vil ta Noreg inn i den grøne og fornybare framtida, og derfor vil eg inn på Stortinget.


Ole Martini er 21 år gamal, leiar i Vestland Unge Venstre og medlem av internasjonalt utval i Unge Venstre, og har tidlegare også vore nestleiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre og leiar i Eid Unge Venstre. I dag er han varamedlem til kommunestyret i Stad og studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.


Ved spørsmål ta kontakt med Ole Martini på telefon (41393028) eller e-post. (oleansger@gmail.com).