Regionalakademiet 2016, Hordaland!

No kan du melde deg på Regionalakademiet i Hordaland, som går av stabelen 26. - 28. februar i Bergen! Det er nivå 2 i UV sine skuleringar, og går djupare inn i dei politiske hovudområda våre, legg opp til debattskulering, skrivetrening og medieskulering med meir. Me håpar mange ønskjer å få med seg denne helga!


Arrangementet startar kl. 17 fredag, og varer til ca. kl. 16 søndagen. Me skal truleg vere på ein barneskule ved Haukeland, og kjem attende med meir informasjon om det. Deltakarar som ikkje har høve til å overnatte heime, må ha med sovepose og liggeunderlag m.m. Dersom du har spørsmål, ta kontakt på ingridhand@hotmail.com eller sondrehansmark@gmail.com.


For spørsmål om reisedekning, ta kontakt på bernesagnes@gmail.com. Me dekker reise for alle medlemmane av Hordaland Unge Venstre, men personar frå andre fylkeslag er hjartleg velkomne til å delta.


Meld deg på her: https://docs.google.com/forms/d/1MfZFxnSS5TXY4lnys-cT_1pvSFM1ei82UGwkQXRSq_w/viewform?c=0&w=1


Program med atterhald om endringar: Fredag 17:00-18:00 – Innsjekk 18:00-18:30 – Opning og bli kjend 18:30-19:30 – Korleis endre NUV politisk og organisatorisk v/ TBA 19:30-20:30 – Kulturpolitikk v/ Kristin Øygarden 20:30 – Middag og sosialt (Brettspel)


Laurdag 09:00-10:00 – Frukost 10:00-11:00 – Skriveverkstad v/ Sondre Hansmark Persen 11:00-12:30 – Parallellsesjonar om asyl, innvandring og integrering 12:30-13:10 – Lunsj 13:10-14:10 – EU v/ Europeisk Ungdom 14:10-15:10 – Sosialpolitikk (rus og prostitusjon) v/Erlend Horn 15:10-16:10 – Klima og miljøvern v/ Naturvernforbundet 16:10-16:30 – Matpause 16:30-17:30 – Ei grønare framtid v/ Audun Gotaas Bonde (Klima- og miljøutvalet) 17:30-19:00 – Parallellsesjonar korleis bli best på stand og verving 19:00-20:00 – Internasjonal politikk v/ Tobias Bashevkin (Internasjonalt utval) 20:00 – Middag og sosialt (Quiz med Espen)


Søndag 09:30-10:00 – Frukost 10:00-11:00 – Ein friare skule v/ Anne Kristin Sundal (Kunnskapspolitisk utval) 11:00-12:00 – Barnehage, grunnskule og vgs v/ Idun Bortne 12:00-13:00 – Parallellsesjonar medieskulering 13:00-13:20 – Lunsj 13:20-14:20 – Dyrevern v/ Øydis Lebiko 14:20-16:10 – Parallellsesjonar debattskulering 16:10 – Avslutning og heimreise