Reisebrev fra Georgia



Den 17. januar var det tid for årets første seminar i prosjektet Liberal Future. Liberal Future er eit prosjekt Unge Venstres Internasjonale Utval har saman med søsterorganisasjonane Young Republicans i Georgia, ANC Youth i Armenia og den politiske rørsla Republican Alternative Movement (REAL) i Aserbajdsjan. Målet med prosjektet er å etablere eit forum for politisk diskusjon og dialog mellom ungdommar i Sør-Kaukasus-regionen, der ein lærer av kvarandre og foreberedar liberale ungdommar i området til å jobbe for politisk endring i landa sine. For Unge Venstre vil dette seie å lytte til deltakarane i regionen, dele eigne organisasjonserfaringar, samt å spreie informasjon og bevisstheit om området i Noreg.

Årets første seminar vart arrangert i Tbilisi, Georgia, og tema var Youth Activism. Målet med seminaret var difor å setje lys på kva problemstillingar ungdommar i politikken står ovanfor i landa sine, samt å jobbe saman for å finne eventuelle løysingar på desse. Sør-Kaukasus er ein region som både står ovanfor eit russisk ønske om innflyting i regionen, samt store territoriale konflikter, som Abkhazia og Sør-Ossetia i Georgia, og regionen Nagorno-Karabakh mellom Armenia og Aserbajdsjan. Dialog desse landa imellom har difor vore nært ikkje-eksisterande. Dette prosjektet er difor ein god måte for politisk aktiv ungdom å samlast og samtale om politiske realitetar i regionen.


For dei norske deltakarane vart det ei noko turbulent reise til Georgia, då vi mista flyet frå Istanbul til Tbilisi. Det blei difor ei kort overnatting i Istanbul, før vi ankom Tbilisi ein dag etter planen. Første dagen brukte dei andre deltakarane til å bli kjent med kvarandre, samt diskutere seg imellom den politiske realiteten i landa sine. Dei norske deltakarane var endeleg på plass i møterommet på dag 2 av seminaret, og vi brukte helga på å trekkje fram problem ungdommar opplever i kvart enkelt land.



Problemstillingane dei forskjellege landa peika på var på mange måtar både varierande, og samtidig overraskande like. Deltakarane frå Georgia peika særleg på ungdommar si låge valfriheit, noko dei kalla "forced choices" - der foreldra i stor grad tek avgjersler om kvar og kva ein skal studere. Dei peika også på mangel på arbeid for unge som eit stort problem, samt lat og politisk uinformert ungdom. Deltakarane frå Armenia snakka om at den armenske regjeringa undertrykkjer nær sagt alle organisasjonsrørsler, ved å infiltrere dei via unge agentar - noko som kjem frå gamle KGP-prosessar, og er ein hyppig brukt metode for å kontrollere politiske rørsler i landet. Republican Party kontrollerar også alle studentråd. I Armenia er også utdanningsnivået svært lågt, og ungdommen opplever eit sterkt press og manipulasjon frå regjeringa. Aserbajdsjan er eit land som på mange måtar kan karakteriserast som eit autoritært regime. Problemstillingar deltakarane frå Aserbajdsjan peika på var blant anna "brain drain" - at ein mistar arbeidskraft og folk med høgare utdanning til utlandet. Tilgang til høgareutdanning er også dårlig generelt, spesielt for kvinner som blant anna mister denne tilgangen grunna tidleg ekteskap. Menneskerettane er også djupt undertrykte, og bistand til landet er monopolisert. Mange i Aserbajdsjan føler også at dei ikkje hører heime i landet sitt.


Etter å ha høyrt dei andre deltakarlanda sine problemstillingar var det nesten flaut for oss norske deltakarane å skulle presentere det vi såg på som ungdom sine problem i Noreg. Vi peika blant anna på det vi kalla "hvite menn som pusher 50", der middelaldrede menn i stor grad dominerar politikken, og at det difor er vanskeleg for ungdom å få høgare posisjonar innan politikken. Vi snakka også om vanskelegheiter ungdom møter i det å skulle leie ein organisasjon, blant anna grunna tilgang til bankkontoar når ein er under 18, samt at ungdom ofte ikkje har nok organisasjonserfaring til å leie ein organisasjon. Andre problem vi trakk fram var at ungdom frå minoritetar og yrkesfag er vanskeleg å rekruttere inn i politikken, samt at ein har mange "free-riders" - ungdom som tek demokratiet for gitt og ikkje tek del i politikken.


Siste dag på seminaret brukte vi til å lage handlingsplanar der vi skulle prøve å løyse problema ein hadde trekt opp. Vår konklusjon var vel i det store og heile at denne gjengen politikar burde ta over politikken, for ingen problem var så store at vi ikkje såg ei løysing! Blant løysingane var blant anna å tilby "social education" for å reise bevisstheit i regionen om menneskerettar, sosiale rettar, og godane ved høgare utdanning, samt eksternt press, der i blant sanksjonar, for å føre politikken i ei meir demokratisk retning.


Det var eit svært vellykka seminar med gode diskusjonar og dialogar mellom ungdommar frå eit område der forholdet mellom landa er svært anstrengt og prega av konflikter. Det anbefalast for alle å søke om å bli med på neste seminar når det blir utlyst

Du høyrer også brått frå oss igjen, så følg med på Unge Venstres Internasjonale Utvalg si Facebook-side!