Slepp kviterussarane fri!

Oppdatert: mars 14

Uttalelse vedtatt av sentralstyret 06.11.11

Søndag 9. august gjekk befolkninga i Kviterussland til valurnene. Nok ein gong har Aleksandr Lukansjenko blitt attvald som president, og nok eit val har blitt kritisert av uavhengige observatørar.


Attvalet av Europas siste diktator har utløyst enorme demonstrasjonar over

heile landet. Demonstrantane kjempar framleis i Kviterusslands gater for fridom og demokrati. Unge Venstre støttar dei kviterussiske demonstrantane i kampen for grunnleggjande menneskerettar, og fordømmer kategorisk all vald mot demonstrantar.


Kviterussarane lever i dag i eit brutalt diktatur som dagstøtt utfører grove menneskerettsbrot mot eigen befolkning. Valden rammer tilfeldig, og dei som i det heile tatt tør å protestera mot diktator Lukasjenko blir fengsla i små, overfylte celler. Rapportar frå Kviterussland seier at mellom 50-60 personar blir plassert i fengselsceller meint for åtte personar.


Noreg kan ikkje tillata seg og berre stå å sjå på nok ein diktator som utfører menneskerettsbrot mot eigen befolkning. Sjølv om det er viktig å fordøma både korleis valet i landet har blitt gjennomført og dei valdelege handlingane som har følgt, so må Noreg også sjå på kva konkrete og reelle tiltak me kan gjennomføra for å påverka situasjonen i Kviterussland til det betre.


Noreg må vera ein pådrivar for å gje kviterussarane visum-fri ferdsle til Schengen landa. Dette vil gje kviterussarane moglegheit til å reisa til nabolanda for å arbeida og studere. Det vil og vera med på å i større grad eksponera den jamne kviterussar for vår felleseuropeiske kultur, EU og det liberale samfunnet.


Noreg og NATO må vera klar på at ein ikkje vil akseptera noko form for russisk innblanding i Kviterussland. Noreg kan ikkje akseptera at Russland blandar seg inn på liknande vis som dei gjorde i aust-Ukraina i 2014 og fortsatt gjer i dag. Ei russisk annektering av landet må vera heilt uakseptabelt.


Noreg må fordømme valet i Kviterussland. EU har vedtatt å ikkje anerkjenne Kviterusslands valresultat. Då leiarane i EU avslutta sitt ekstraordinære toppmøte 19. august, var det med utan atterhald støtte til demonstrantane og skarp fordømming av styresmaktane sin valdsbruk. Unge Venstre krev at den norske regjeringa følgjer i EUs fotspor.


Kviterussarane må få gjennomføra eit fritt og demokratisk val. Unge Venstre forventar at Noreg og andre europeiske land og organisasjonar legg press på Kviterussland for å forhindra framtidige brot på grunnleggande menneskerettar.


Berre ved å leggja press på Kviterusslands myndigheiter kan vi bidra til demokrati i Europas siste diktatur. Det er på tide for Europa å slå seg saman i kampen for demokratiske reformer i Kviterussland.