Snikinnføring av generell væpning?

Fredag 13. februar kan ein lese at Justisdepartementet har endra våpeninstruksen § 10, som no opnar for midlertidig væpning av politiet i nye tre månadar. Eg kan på eit vis forstå at ein vil tryggje liv og helse for viktige samfunnsaktørar, men eg finn likevel utviklinga uakseptabel.


Problemet er ikkje den midlertidige væpninga i seg sjølv, men perioden ein nyttar seg av tiltaket. Dersom ein innfører midlertidig væpning over ein lengre periode, aukar sannsynet for ei permanent løysing med generell væpning.


Her bør Justisdepartementet i det minste vere ærlege om kva dei driv med, og i alle fall ikkje omgå debatten i Stortinget. Det er politisk fleirtal mot generell væpning, og politimestarane i landet er også mot. Debatten er viktig å ta, for generell væpning vil vere ei omvelting av det sivile preget norsk politi har i dag.


Det er også eit problem at justisministaren unngår å svare på spørsmålet i Stortinget. Ein kan også stille spørsmål om ei generell væpning vil vere naudsynt i heile landet, då terrortrusselen truleg ikkje er like stor i t.d. Kvinnherad som i Oslo.


Generell væpning er irreversibelt, og ein veit det vil føre til at kriminelle nyttar våpen i større grad enn i dag. Når det er sagt er det ikkje dei kriminelle eg er mest uroa for, men dei sivile som kan verta offer i skotveksklingane. Er det ei utvikling me er villige til å betale for?


Ei innføring av generell væpning vil senke terskelen for å opne eld. Forsking frå Politihøyskolen syner at politiet i Sverige skyt seks gongar så ofte som i Noreg. Vidare vert årleg åtte personar skadd av politiskot i Sverige, medan ein person i snitt mister livet. Når kvart tiande skot frå svensk politi er eit resultat av feilhandtering av våpen, styrkar det argumentasjonen om at innføringa vil vere ein dårleg idé.


Ordninga ein har i dag, med våpen i politibilane, aukar terskelen for å opne eld. Det sikrar samstundes at politiet kan nytte våpen dersom det er strengt naudsynt. Ein slik praksis kan føre til meir gjennomtenkte avgjerder.


Vidare er praksisen kring generell væpning ikkje evaluert grundig nok. Politidirektoratet meiner det ikkje finst ei god nok politifagleg vurdering for å kunne gå inn for forslaget. På bakgrunn av det meiner eg det vil vere uforsvarleg å snikinnføre tiltaket slik det verkar som Justisdepartementet prøver i dag.


Ein har også den siste månaden sett at ei væpning av politiet diverre ikkje alltid er tilstrekkeleg for å verne oss mot terror.


Eg vonar Justisdepartementet tek innvendingane mot snikinnføringa på alvor, og tek debatten i Stortinget. Ei innføring gjennom midlertidig væpning vil vere å innføre tiltaket bakvegen.


Ingrid Handeland Fylkesleiar, Hordaland Unge Venstre


Innlegget vart sendt til Bergens Tidende, men dei valte å ikkje trykke det.