Til kamp for førdefjorden

Laurdag 20. februar kjem leiar av Noregs Unge Venstre Tord Hustveit til Vevring i Naustdal for å markere si støtte til kampen mot det planlagde fjorddeponiet i Førdefjorden.


«Å dumpe gruveavfall går på tvers av miljøfaglige råd. For meg er dette eit verdispørsmål som handlar om kva samfunn vi ynskjer å ha. Eg meina naturen må legge premissa for all økonomisk aktivitet og difor tek eg turen til Førdefjorden for å markere mi støtte», seier Hustveit.


Unge Venstre meina Noreg må syne at ein skal vere eit føregangsland innan satsing på framtida og miljøvennlige løysningar, og at fjorddeponi vil stå stikk i strid med den typen målsetningar.


Er klar for kamp

Jacob Bredesen, leiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre, er på lik linje med Hustveit klar for å kjempe og tek også turen til Vevring.


«Det er kunnskapslaust å dumpe gruveavfall i ei av Norges største naturperler, som også utgjer eit viktig gytefelt for den truga kysttorsken», seier Bredesen, og utdjupar


«Det er ikkje berre fiskerinæringa som verte truga ved eit slikt sjødeponi; også turistnæringa har uttrykt stor motstand mot planane. Det er viktig at vi lyttar til to næringar av denne størrelsen, og deira synspunkt i eit so viktig spørsmål».


Eit av dei viktigaste miljøspørsmåla i vår tid

Tidlegare fylkesleiar i Unge Venstre og no direktevalt landsstyremedlem i Unge Venstre, Daniel


Gangeskar, tykkjer at Førdefjorden har reist seg som eit av dei viktigaste miljøspørsmåla i vår tid:


«Førdefjorden er ei av dei viktigaste miljøsakene som vår generasjon står ovanfor. Avgjersla i denne saka vil skape presedens for liknande saker i framtida og vil påverke norsk miljøpolitikk på sitt området i fleirfaldige år framover».


«Noreg må gå føre i ein ny, grøn revolusjon. Ein revolusjon som skal basere seg på morgondagens løysningar, og ikkje gårsdagens tankesett. Vi må skape nye, grøne arbeidsplassar som vil vere med å sikre norsk økonomi i mange tiår framover, og med fjorddeponi vil desse løysningane verte ekstremt vanskelig», seier Gangeskar.


Det grøne næringslivet er framtida.

Sentralstyremedlem i Venstre og fylkestingsmedlem, Alfred Bjørlo, er samd med sine yngre partikollegaer i viktigheita av ein rein Førdefjord:


«Stadig meir tyder på at Førdefjorden vil verte vår generasjons Alta-sak, med to viktige skilnader: For det første: ho vil ikkje berre vere nasjonal, ho vil vere internasjonal. For det andre: store deler av næringslivet vi skal leve av i framtida står denne gongen på naturen, nasjonale fagstyresmakter og det internasjonale engasjementet si side, og da er det flott at vi har ungdom som tør å stå opp for kva dei meiner».


«Vi er inne i ein miljørevolusjon — det grøne næringslivet er framtida. Det er på den banehalvdelen Sogn og Fjordane må vere. Venstre er der allereie. Eg oppmodar sterkt det øvrige politiske miljøet i fylket om å kome etter», avsluttar Bjørlo.


Tord Hustveit, Leiar Noregs Unge Venstre

Jacob Bredesen, Fylkesleiar  Sogn og Fjordane Unge Venstre

Daniel Gangeskar, Landsstyremedlem Noregs Unge Venstre

Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid