Ungdomskandidat i Hordaland

Hordaland Unge Venstre har valt Geir Angeltveit som Hordaland Unge Venstre sin ungdomskandidat for fylkestingsvalet 2015.


Geir er 25 år, er frå Stord, men er for tida busett I Bergen. Han sit i kommunestyret for Venstre på Stord, og har vore aktiv både i Venstre og Unge Venstre, lokalt og regionalt i lang tid. No ynskjer han å vere ungdomskandidat for å bidra i fylkestingsgruppa med kunnskap om mellom anna vidaregåande, flyplass og samferdselspolitikk.


Me trur Geir vil vere ein god ungdomskandidat for fylkeslaget då han kjenner fylket godt, har lang erfaring og ikkje minst kunnskapane me ser etter i ein ungdomskandidat. Han er ein blid og engasjert fyr som ikkje er redd for å seie ifrå dersom han er usamd.


Har du spørsmål til Geir? Ta kontakt på mail (angeltveit88@gmail.com) eller mobil (404 01 753).