Unge Venstre på topp til fylkestingsvalet

Hordaland Venstre har valt liste for fylkestingsvalet 2015. Unge Venstre jublar over ein sterk tredjeplass for ungdomskandidaten.


På Hordaland Venstres nominasjonsmøte i helga hamna Geir Angeltveit på tredje plass på lista. Møtet var effektivt og lista vart raskt vedteke. Me i fylkesstyret er godt nøgd med at ungdomskandidaten hamna på tredjeplass. Høgt på lista endte også Ingrid Handeland og Kevin Johnsen.


Som eit fylke i vekst og med mange unge folk er det viktig at Venstre satsar på unge kandidatar.


- Geir Angeltveit, ungdomskandidat og tredjeplass for Hordaland Venstre, meiner det vert spesielt viktig å støtta opp om den maritime og marine næringa i Hordaland framover. Det skjer mykje spanande i regionen vår, om det er algar og fiskefor, eller utsleppsfrie ferjety. Me treng arbeidsplassar, og dei må vera grøne. Her må me tenka framover og førebu oss på det grøne skiftet. Då er det viktig at me unge tek ansvar og seier tydeleg frå korleis me ynskjer det samfunnet skal vera.


Hordaland Unge Venstre gratulerer også Anne-Beth Njærhem frå Bømlo som vart vald som fyrstekandidat!


For ytterlegare kommentar, kontakt fylkesleiar Kevin Johnsen på 47850782 eller på Johnsen@venstre.no, eller Geir Angeltveit på 40401753 eller angeltveit88@gmail.com.