Utan tillit til elevane

Fylkesleiar, Ingrid Handeland, skriv i dag i BT om kvifor forslaget frå Ap, Sp og KrF er feil veg å gå. I Hordaland Unge Venstre ynskjer me framleis fritt skuleval, og BT er samde med oss på leiarplass. Les innlegget frå Ingrid her:


NRK Hordaland kunne 5. juni opplyse at Ap, Spe og KrF er villige til å fjerne fritt skuleval i Hordaland.


Fråfall i den vidaregåande skulen er ei av dei viktigaste sakene å ta grep om, men å fjerne fritt skuleval kjem neppe til å hjelpe. Ein kan stille spørsmål ved kva det eigentlege målet med å fjerne ordninga er.


Sjølv om fråfallstatistikken er høg, må me slutte å sjå på elevar som statistikk.Vi meiner at ungdom er i stand til å velje kva skule dei ønskjer å gå på sjølve, og at fridommen til å kunne velje meir enn den lokale vidaregåande skulen må vere til stades for at folk skal få høve til å bli kva dei vil.


Me ønskjer fritt skuleval i den vidaregåande skulen slik at ein kan velje skule på tvers av både kommune- og fylkesgrenser. Kvar foreldra dine bur skal ikkje avgjere kva høve du har til utdanning.


Dei sterkaste argumenta frå dei tre partia går på at karakterane har for mykje å seie, men også at dei skuleflinke slit med ordninga i dag. Det er sjølvsagt at karakterar spelar ei rolle for kvar du får skuleplass, men karaktersystemet gjer også at du kan komme inn på ein skule uavhengig av inntekt og bustad.


Når det gjeld elevar som ikkje har gode nok karakterar til å starte andreåret, er det mogleg med andre tiltak som til dømes å hindre skulen i å ta inn for mange elevar. Fjerning av fritt skuleval er truleg ikkje løysinga på karakterproblemet då ein vil møte dei same problema ved nærskulane.


Forslaget frå Ap, Sp og Krf er både usosialt og ei melding til elevane i Hordaland om at dei ikkje bør få velje utdanninga si sjølve.


Ingrid Handeland, 6. kandidat til fylkestingsvalet for Hordaland Venstre.


Innlegget vart trykka i papiravisa til BT 10.06.15. Les BT-leiaren her: http://www.bt.no/meninger/leder/Gi-elevene-frihet-3377354.html