Uttalelse - Sett krav om miljøteknologi!

Vedtatt på Hordaland Unge Venstres halvtårsmøte 20. september


Frå 2017 vert det på ny gjort klart til anbod på ferjedrifta i Hordaland. I den samanheng ser Hordaland Unge Venstre det som viktig at ein får inn strengare miljøkrav, men og at ein set krav om at ferjemateriellet vert utbetra, og då med meir miljøvenlege framdriftsmetodar.


Hordaland Unge Venstre ønskjer at ein startar eit pilotprosjekt med batteri- og hydrogendrevne båtar i Kvinnherad Kommune. I Kvinnherad har ein fira ferjesamband tett saman, samstundes som ein har aluminiumsverket Søral, og mykje fornybar vasskraft. Ved t.d. vasskraftverket Blåfalli har ein hatt overskotsenergi. Denne overskotsenergien kan nyttast til å koka hydrogen ved Søral. Søral produserar aluminium ved bruk av elektrolyse, og når aluminiumsverket ikkje går så kan ein produsera hydrogen. Ved elektrolyse får ein då nytta den reine energien frå Blåfalli. Samstundes såg ein i sumar at vindmøllene i Fitjarfjellene sto stille av di det ikkje var nokon stad å avlevera straumen. Også denne kan nyttast.


Ved å få inn slik hydrogeninfrastruktur så kan ein få rein energi til framdrifta av ferjer og sette krav om det. Ein nyttar Kvinnherad som startbase for eit slikt prosjekt av di her ligg ferjesambanda veldig tett, og ferjene har behov for opprustning.


Leiande aktørar innan maritim næring i Sunnhordland etterspør ein marknad for klimateknologi. Dei treng kundar for å levera denne teknologien, og Hordaland Fylkeskommune vil ha ein markant mogelegheit til å skapa ein slik marknad, ved å setta slike krav. Difor meinar Hordaland Unge Venstre at det er naudsynt å starta denne oppbygginga snarast mogeleg.