Unge Venstres valkomite har nå vedteke si instilling til sentrale verv i organisasjonen. Komiteen er i år samansett av Agnes Hushovde Bernes, Emma Maja Løken, Hans Christian Paulsen, Kine Bergheim og leiar Sunniva Marie Hustoft. Valkomiteen har intervjua kandidatar og informantar på landsstyremøtet i juni, på sommarleir i juli og over telefon i august. Det har vore sterk konkurranse om verva, og det er særs kjekt at så mange har ønska å vera med i dei politiske utvala.
Leiar, nestleiarar, sentralstyret med varaer, direktevalgte til landsstyret med varaer, internasjonalt utval og kontrollkomiten vert valgt på landsmøtet. Leiar og medlem av klima og miljøutvalet og kunnskapspolitisk utval vert valgt på første landsstyremøte etter landsmøtet. Valkomiteen presenterer likevel innstillingar til alle desse verva slik at organisasjonen kan sjå heilskapen i instillinga. Det står òg skrive i organisatorisk plattform at leiarar av klima og miljøutvalet og kunnskapspolitisk utval skal vera direktevalgte i landsstyret. Difor har det òg blitt presisert kven komiteen ønsker å instilla til desse verva.
Valgkomiteens innstilling er ei tilråding til landsmøtet og landsstyret, og det er mogleg å utfordra ein innstilt kandidat ved ønske om det. Då er det god skikk å informera den du stiller mot, slik at begge kan førebu seg i forkant av det avgjerande møtet.
Tord Hustveit tilrås som leiar for organisasjonen for fjerde år. Tord har gjort Unge Venstrefolk stolte gjennom å vera kunnskapsrik og seriøs i krevande debattar, og han har fronta vår liberale politikk på område som dyrevern og velferdsstatens berekraft på ein overtydande måte.
Grunde Almeland tilrås som første nestleiar for andre år. Grunde har gjort ein solid innsats både for å organisera arbeidet i sentralstyret og for å skapa eit godt og morosamt sosialt miljø i Unge Venstre.
Øydis Lebiko tilrås som andre nestleiar, etter å ha vore i sentralstyret i eit år. Øydis har vist at hoh ar stor arbeidskapasitet, og ho har både eit breitt politisk interesse og kunnskapsfelt. I tilleg har ho mange planar for å organisere Unge Venstre bedre.
Sentralstyret: Leiar: Tord Hustveit 24 år, Akershus attval 1. Nestleiar: Grunde Kreken Almeland, 25 år, Oslo attval 2. Nestleiar: Øydis Lebiko, 23 år, Hordaland ny i dette verv Internasjonal leiar: Elin Engerbakk, 21 år, Hedmark attval Tiril Eid Barland 20 år, Akershus attval Ragnhild Forsberg 20 år, Oslo ny i dette verv Sondre Hansmark 21 år, Hordaland ny i dette verv Andreas Økland 22 år, Hordaland ny i dette verv Sunniva Eide 22 år, Oslo ny i dettte verv 1. Vara: Ingeborg Bastiansen, 21 år, Vestfold ny i dette verv 2. Vara: Bjarte Horpestad, 18 år, Rogaland ny i dette verv
Internasjonalt utval: Kristine Kolstad, 21 år, Oslo attval Marius Brun Hansen, 21 år, Troms ny i dette verv Anniken Karlyme Wullum, 18 år, Trøndelag ny i dette verv Azin Sabet, 21 år, Akershus ny i dette verv Louise Mari Bårdsen, 18 år, Oslo ny i dette verv Vilde Jakoby, 19 år, AustAgder ny i dette verv
Klima og miljøutvalet: Lars Øye Brandsås, 18 år, Trøndelag ny i dette vervet Leo Kornelius Torbjørnsen, 16 år, Møre og Romsdal attval Eirik Lorentzen, 21 år, Hordaland ny i dette verv
Kunnskapspolitisk utval: Stian Skarsheim Magelssen, 22 år, Hordaland ny i dette verv Jørgen Skarstein, 20 år, Oslo ny i dette verv Celina Christoffersen, 18 år, Hedmark ny i dette verv
Direktevalgte: Leiar, Klima og miljøutvalet: Peder Ofstad, 21 år, Trøndelag ny i dette verv Leiar, Kunnskapspolitisk utval: Espen Hansmark Persen, 19 år, Hordaland ny i dette verv Daniel Gangeskar, 20 år, Sogn og Fjordane attval Vilde Sofie Noer, 18 år, Nordland ny i dette verv Knut Øye Brandsås, 20 år, Trøndelag ny i dette verv Nasjida Noorestany, 20 år, Oslo ny i dette verv 1. Vara: Malin Sviland, 18 år, Rogaland ny i dette verv 2. Vara: Vilde Ystmark, 18 år, Oslo ny i dette verv 3. Vara: Tobias Bashevkin, 23 år, Hordaland ny i dette verv 4. Vara: Emile Eduard Nolet, 21 år, Hordaland attval
Kontrollkomiteen: Leiar: Martin Frøyland, 23 år, Hordaland Kevin Johnsen, 25 år, Hordaland Baard Salvesen, 25, Trøndelag