Valkampsamling

Årets store hending er endeleg her! Hordaland Unge Venstre skal i lag med Rogaland Unge Venstre og Sogn og Fjordane Unge Venstre arrangere Valkampsamling i Bergen.


Valkampsamlingen skal skje helga 28 til 30 april. I løpet av helga skal me ha ulike skuleringar, lære meir om Unge Venstre sin politikk og bli klar for valkampen. Overnatting vil vere på St Paul skule i Bergen sentrum, derfor må ein ha med soveposar. Det kjem meir info om kva ein må ha med seg seinare, saman med program når det er ferdig. Vi kan love eit strålande arrangement med mange gode innleiarar, strålande debattar og ikkje minst ei kjekk, sosial helg saman med gode liberale ungdommar. Dette passer like godt for nye som for gamle medlemmer!


So berre sett av helga 28 til 30 april! Meir info kjem som sagt seinare, men ta kontakt med din fylkesleiar om det er noko du lure på!


Facebook eventet finn du her:

https://www.facebook.com/events/426114674388804/