Valkomiteen informerer: Valg i Unge Venstre

Kick-off 2017 er nettopp ferdig, og med det sparkes året virkelig i gong. Valkomiteen har òg byrja sitt arbeid, og difor ønskjer me å informera om korleis vårt arbeid blir fram til landsmøtet i haust. I tillegg kjem her informasjon om kvifor nokre verv valkomiteen skal instilla på.


Har du innspel til valkomiteen eller ønskjer du å stilla til verv? Gi oss beskjed via kontaktskjemaet vårt, då vel! Link


Kva gjer valkomiteen? Valkomiteen består av fem medlem valgt på landsmøtet i 2016: Christina Teige Apuzzo, Jacob Haugmoen Handegard, Olav Persson Ranes, Yngve Horvei og Sunniva Marie Hustoft (leiar). Komiteen skal gjennom året intervjua alle som har sentrale tillitsverv og alle som vurderer å stilla til slike verv. I tillegg blir det gjort observasjonar på nasjonale arrangement og møter, og komiteen skal dessutan tilretteleggja for at kandidatar til somme verv får visa fram sine eigenskapar til ein større del av organisasjonen.


Hovudvekta av intervjua blir gjort på sommarleiren og på landsstyremøta før dette. Til slutt bestemmer valkomiteen seg for ei liste med kandidatar til dei ulike verva, som blir valkomiteens innstilling. Informasjon om verva finn du lenger ned på sida. Valkomiteen har teieplikt om alt som blir fortalt oss.


Korleis er prosessen? Alle nasjonalt valgte verv i Unge Venstre får ei instilling på anbefalte kandidatar frå valkomiteen, utanom verva i eigen komite. Dette gjeld både verv i sentralstyret, direktevalgte i landsstyret, internasjonalt utval og kontrollkomiteen, som blir valgt på landsmøtet i haust, og verv i dei andre utvala, som blir valgt på siste landsstyremøte i året. Alle verv har ein periode på eitt år.


Valkomiteen vil først snakka med dei som har sentrale verv i Unge Venstre og

personar som har meldt interesse tidleg på dei to landsmøtehelgene før sommarleiren. På sommarleiren vil andre som ikkje er på landsmøtehelgene òg ha moglegheit til å snakka med komiteen. Sein sommar eller tidleg haust vil det verta somme telefonintervju. Innstillinga vil etter dette bli tilgjengelig for heile organisasjonen, i høveleg tid før landsmøtet.


Viss du ønsker å stilla til val, vil valkomiteen gjerne høyra dette så tidleg som råd! Bruk kontaktskjemaet om du vil snakka med oss.


Kva kan du stilla til?

Leiar i Unge Venstre er organisasjonens ansikt utad og øvste sjef. Vervet inneber dagleg drift og profilering av organisasjonen, og innehavar er gjerne ein del i media. Som leiar har ein dessutan ansvar for drift av sentralstyret og landsstyret.


Første nestleiar er “andresjefen” i organisasjonen, og sit som ein del av sentralstyret. Hen vil få mykje ansvar for organisasjonens virke, politisk utvikling og representasjon i media og møter. Det er forventa at andre nestleiar stepper inn der leiar ikkje kan delta. I lag med leiar, andre nestleiar og sekretariatet er hen òg med i arbeidsutvalget.


Andre nestleiar har ei liknande stilling som første nestleiar, og deltar i både arbeidsutvalet og sentralstyret. Organisatorisk, politisk og utadretta arbeid er òg ein del av kvardagen til andre nestleiar, og som resten av leiartrioen fører dette til ein god del arbeid.


Internasjonal leiar sit i sentralstyret og leiar det internasjonale utvalet (IU). I tillegg til sentralstyrearbeid arbeider internasjonal leiar mykje med internasjonal politikk og dei internasjonale prosjekta som IU drifter.


Sentralstyremedlem er det fem av i Unge Venstre. I tillegg er det to varaer, som òg deltar på alt av sentralstyrearbeid. Medlemma av sentralstyret har ansvar for kontinuerlig drift av organisasjonen, og arbeider blant anna med sommarleir, ulike nasjonale møter, politikkutvikling, representasjon og Unge Venstre-akademia. Det er mykje organisatorisk arbeid for sentralstyret, men òg ein moglegheit for politisk påverknad.


Direktevalgte medlem av landsstyret er totalt åtte personar, kor seks har faste plasser og to er varaer. I tillegg består landsstyret av alle fylkesleiarar og sentralstyret i Unge Venstre, og det er det øvste vedtakande organ mellom landsmøta. Større saksområde, som Unge Venstres økonomi og politiske prioriteringar, blir handsma i landsstyret. I tillegg er det mykje fokus på politikk, som dei direktevalgte tar spesielt del i. To av medlemma leier kvart sitt utval, høvevis klima- og miljøutvalet og kunnskapspolitisk utval.


Internasjonalt utval består av fire eller seks medlem samt internasjonal leiar. Utvalet arbeider med ulike prosjekt, internasjonal politikk og samarbeid gjennom paraplyorganisasjonane IFLRY og LYMEC. Medlemma bør vera opptatt av internasjonal politikk, og det inngår mykje organisatorisk arbeid for å arrangera møter og internasjonal sommarleir.


Tre medlem av klima- og miljøutvalet arbeider saman med leiaren av utvalet om å utforma klima- og miljøpolitikk og å driva med opplæring i organisasjonen. Dei representerer òg Unge Venstre i samanhengar der klima og miljø står på dagsordenen.


Tre medlem av kunnskapspolitisk utval arbeider saman med leiaren av utvalet for å skapa ny kunnskapspolitikk i Unge Venstre. I tillegg driv dei med opplæring internt og ekstern representasjon.


Fem medlem av grafisk utval arbeider med det grafiske uttrykket til Unge Venstre. Medlemma sikrer grafisk og billedleg dokumentasjon av aktivitetar i organisasjonen, samt er tilgjengeleg ved behov for utadretta grafisk materiell. I motsetnad til dei andre utvala, er dette eit praktisk og upolitisk utval kor grafisk- og mediekompetanse er essensielt.


Kontrollkomiteen består av tre personar som er juridisk instans og politi i organisasjonen, for å sikra at Unge Venstre følger vedtektene sine og har ein solid økonomi. Personane i kontrollkomiteen må ha særs god kjennskap til organisasjonens virke og eit godt auge for detaljer. Komiteen deltar på alle

nasjonale møter.


Lurer du på noko om valkomiteens arbeid?


Ikkje nøl med å senda oss ein epost eller ta kontakt via kontaktskjemaet! Vår epost er valgkomiteen.nuv@gmail.com. Det går òg an å ta kontakt med Sunniva, leiar av komiteen.


Valkomiteen vonar mange vil stilla til val i 2017! Me gler oss til å bli betre kjent med dykk i organisasjonen.