Valkomiteens innstilling

Valkomiteen i Unge Venstre har i år bestått av Yngve Horvei, Jacob Handegard, Olav Persson Ranes, Johanna Ronneng Winther, og leiar Sunniva Marie Hustoft. Komiteen har det siste året arbeida med å finne gode kandidatar til nasjonale verv. Gjennom intervju i juni, på sommarleir og i september har me snakka med over 50 kandidatar. I tillegg til eigenskapar, politisk erfaring og visjon, har komiteen lagt vekt på godt samspel i dei ulike styra og komiteane. Det har vore mange flinke kandidatar som har stilt, og utvelgelsen har ikkje vore lett.


Instillinga til valkomiteen er ei tilråing til organisasjonen, men det er landsmøtet i oktober som til slutt velger kven som skal leie organisasjonen det neste året. Komiteen presiserer at det er mogleg å stille mot innstillinga, og at det då er trivelig å gi direkte beskjed til den ein ønsker å “benke” i god tid før valet. Ved spørsmål om valkomiteens prosess, ta kontakt med Sunniva Marie Hustoft (483 39 472).


Om leiartrioen Sondre Hansmark Persen innstilles som leiar av Unge Venstre. Han har tidlegare vore leiar av Bergen Unge Venstre, er sentralstyremedlem i Unge Venstre, og var ungdomskandidat for Hordaland ved Stortingsvalet i 2017. Sondre uttrykker eit klart ønskje om å bevege Unge Venstre i ei ny retning med ei klar, liberal visjon for organisasjonen. Gjennom sin aktivitet i valkampen og sine skriftlege publikasjonar har han hevda seg med ei politisk bredde. Han er også flink til å snakke med og inkludere nye medlem.


Tiril Eid Barland innstilles som første nestleiar. Ho har tidlegare vore leiar av Akershus Unge Venstre, er sentralstyremedlem i Unge Venstre og er valgt inn i Bærum kommunestyre for Venstre. Valgkomiteen meiner at Tiril gjennom si tid i sentralstyret har utpeikt seg som ein sterk politikar. Gjennom posisjonen i kommunestyret i Bærum har ho vist god kunnskap om lokalpolitikk. Ho er ein jordnær og trygg person, som har gjennomført store organisatoriske oppgåver på ein god måte.


Ragnhild Forsberg innstilles som andre nestleiar. Ho har vore leiar av Oslo Unge Venstre, er sentralstyremedlem i Unge Venstre, og har jobba for Oslo Venstre i rundt 2 år. Ragnhild er ein respektert figur både i Venstre og Unge Venstre. Gjennom sitt engasjement har ho vist at ho er ein dyktig debattant som engasjerer og er morosam. Ho har vidare mykje erfaring med organisatorisk arbeid frå si tid i sentralstyret og Oslo Unge Venstre.


Sentralstyret Leiar: Sondre Hansmark Persen, 22 år, Hordaland - ny i dette vervet 1. nestleiar: Tiril Eid Barland, 21 år, Akershus - ny i dette vervet 2. nestleiar: Ragnhild Forsberg, 21 år, Oslo - ny i dette vervet Internasjonal leiar: Louise Bårdsen, 19 år, Oslo - ny i dette vervet Bjarte Espeland Horpestad, 19 år, Rogaland - ny i dette vervet Johannes Bangum, 23 år, Akershus - ny i dette vervet Anna Dåsnes, 19 år, Oslo - ny i dette vervet Lars Brandsås, 19 år, Nord-Trøndelag - ny i dette vervet Malin Elisabeth Bjerknes Sviland, 19 år, Rogaland - ny i dette vervet 1. vara: Vilde Sofie Nohr, 19 år, Nordland - ny i dette vervet 2. vara: Knut Øye Brandsås, 21 år, Nord-Trøndelag - ny i dette vervet


Direktevalgte til landsstyret Leiar av kunnskapspolitisk utval: Konstanse Løfors, 19 år, Sør-Trøndelag - ny i dette vervet Leiar av klima- og miljøpolitisk utval: Vilde Ystmark, 18 år, Oslo - ny i dette vervet Tobias Bashevkin, 24 år, Hordaland - ny i dette vervet Ole Kristian Sandvik, 21 år, Oslo - ny i dette vervet Elise Johansen, 19 år, Troms - ny i dette vervet Marcus André Pettersen Holst-Pedersen, 19 år, Akershus - ny i dette vervet 1. vara: Anniken Stokke Lunde, 19 år, Vestfold - ny i dette vervet 2. vara: Iver Vammervold, 22 år, Sør-Trøndelag - ny i dette vervet


Internasjonalt utval Kirolos Nathan, 27 år, Hordaland - ny i dette vervet Ane Breivik, 19 år, Akershus - ny i dette vervet Gard Løken Frøvoll, 23 år, - Oslo ny i dette vervet Vegard Løknes, 19 år, Hordaland - ny i dette vervet


Kunnskapspolitisk utval Anne Kristin Villar Sundal, 19 år, Sogn og Fjordane - ny i dette vervet Andreas Hammer Håversen, 19 år, Akershus - ny i dette vervet Ingrid Cameron, 21 år, Akershus - ny i dette vervet


Klima- og miljøpolitisk utval Eirik Lorentzen, 22 år, Hordaland - attval Even Haug, 18 år, Aust-Agder - ny i dette vervet August Simonsen 20 år, Hordaland - ny i dette vervet


Kontrollkomiteen Leiar: Siri Hofstad Ruud, 23 år, Hedmark - ny i dette vervet Benedicte Røvik, 23 år, Hedmark - ny i dette vervet Ann Helen Skaanes, 25 år, Nord-Trøndelag - ny i dette vervet