Venstre sitt framlegg til statsbudsjett for 2016

I går la Venstre fram sitt alternative statsbudsjett, og for Hordaland ligg det inne gode tiltak for mellom anna grøn omstilling, styrka rettstryggleik og kulturminnevern.


Her er prioriteringane til Venstre for det komande året i Hordaland: 

- Hordaland Teater, Bergen (2,5 mill.) - Forsøk med gratis kjernetid i SFO, skular i Bergen (del av pott på 100 mill.) - Gatejuristene i Bergen (250.000) - Forsøk med heroinassistert behandling, Helse Bergen (5 mill.) - Institutt for strategisk klima- og energiforsking, Bjerknessenteret (5 mill.) - Bergen Domkirke (40 mill.) - Bymiljøavtale Bergen (del av pott på 400 mill.) - Belønningsordninga for bedre kollektivtransport, Bergen (75 mill.) - Nasjonalt senter for bærekraftig utvikling, Bergen (1 mill.) - Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (3 mill. som skal delast på tre fartøyvernsenter) - Tiltak for nye tog på Vossebanen (20 mill.)


I tillegg er det lagt opp til 12 milliardar mindre oljepengebruk enn regjeringa føreslår, noko som er viktig for at neste generasjon skal få dei same moglegheitane som dagens vaksne. Det er også lagt inn 11 månadars studiestøtte, samt sikring av statsstøtte til NOAH - for dyrs rettigheter.


Venstre sitt framlegg til statsbudsjett for 2016Heile framlegget kan du sjå her: Venstres-statsbudsjett-2016-endelig