Vervekonkurranse!

Det er februar og tid for vervekonkurranse! Dette er din moglegheit til å vise at du er Hordalands desidert beste vervar, samt høve til å vinne ein heil del kule premiar.


  • Den beste vervaren får nemleg ein dag med sosialbyråd, og kanskje enda viktigere: Unge Venstre-medlem, Erlend Horn!

  • Andreplass får boken "Demokratiets avantgarde" som vart gitt ut av Unge Venstre i samband med 100-årsjubileet vårt.

  • Tredjeplass får Sveinung Rotevatn si bok "Liberalisme på norsk".


I tillegg vil alle som vervar ein eller fleire vere med i trekninga av eit handlenett fra Unge Venstre. Vinnarane vert kåra på Regionalakademiet i slutten av februar.


Den enklaste måten å melde folk inn er å få dei til å sende ein melding med "UV ditt namn" til 2440. Be dei gjerne legge til at du verva personen. Eventuelt kan du sende ein mail til sekretariatet i Unge Venstre eller til Espen Hansmark Persen på espen.hansmark@gmail.com for å melde frå om kven du har verva. Les også meir om konkurransen på Facebook-sida vår her.


Lukke til!