Vil du bidra meir i Unge Venstre? Snakk med valkomiteen, då vel!

Valkomiteen er ein komite med fem medlem som skal staka ut nye sentralt tillitsvalgte i organisasjonen. I løpet av sommarleiren og august skal valkomiteen intervjua ulike menneske i Unge Venstre, for så å gi ei instilling, altså ei anbefaling, til kven som bør ha ulike verv. Alle verv som blir valgt på landsmøtet i oktober (med unnatak av i eigen komite), samt dei i komitear på første landsstyremøtet etterpå, får ei instilling frå valkomiteen. Nedanfor får du ei skildring av kva verv valkomiteen instiller på.


Generelt: Valkomiteen består av leiar Sunniva Marie Hustoft og medlemma Hans Christian Paulsen, Kine Bergheim, Agnes Hoshovde Bernes og Emma Maja Løken. Hovudarbeidet til valkomiteen skjer gjennom intervju i løpet av sommarleiren. Me oppmoder alle som ønskjer det til å avtala ein tid for å snakka med oss! Alle verv har ei lengde på eitt år, frå landsmøte til landsmøte eller første landsstyremøte til første landsstyremøte året etter.


Sentralstyret i Unge Venstre, valgt på landsmøtet, skal vera samansett av følgande:


Leiar: Øvste politiske og organisatoriske sjef i Unge Venstre. Dette er eit frikjøpt verv, altså får personen som innehar vervet betalt tilsvarande ei (låg) lønn som om hen hadde vore i fullt arbeid. Vervet inneber dagleg drift og profilering av organisasjonen, og innehavar er gjerne ein del i media. Leiar har òg ansvar for at sentralstyre og landsstyre vert drifta godt.


Første nestleiar: Andresjef eller visepresident i Unge Venstre, som er avløysar når leiar ikkje er tilstades. Dette er leiars høgre hand, og kan ha både organisatoriske og politiske oppgåver. Vervet inneber ein god del arbeid, og inngår i arbeidsutvalet ilag med leiar, andre nestleiar og ansatte på kontoret til Unge Venstre.


Andre nestleiar: Den andre andresjefen i Unge Venstre, som òg er ein del av organisasjonens daglege virke i arbeidsutvalet. Som første nestleiar-vervet inneber dette vervet ein god del organisatorisk og politisk arbeid, samt representasjon av Unge Venstre i ulike fora.


Sentralstyremedlem (fem, samt to varaer): Personar som sit i sentralstyret i lag med leiar, nestleiarar og internasjonal leiar. Desse verva bidrar òg til drifta av organisasjonen, og inneber større oppgåver som medlemsverving, hjelp til fylkeslag, planleggjing av arrangement som sommarleir og Unge Venstre-akademia, mediearbeid og mykje anna. Det er mange organisatoriske oppgåver til sentralstyremedlemma, men der er òg rom for å skapa ny politikk. Det er fem faste medlem i sentralstyret, samt ein første- og ein andrevara. Varamedlemma er òg delaktige i styret, men har ikkje stemmerett.


Internasjonal leiar: Hovudsjef for Unge Venstres internasjonale arbeid, og har ein plass i sentralstyret. I tillegg til dette driv internasjonal leiar det internasjonale utvalet, som driv med søknader og fleire prosjekt med liberal ungdom i resten av verda. Vervet inneber ein god del arbeid og noko reiseverksemd, og innehavar bør vera organisatorisk og internasjonal av legning.


Landsstyret i Unge Venstre, valgt på landsmøtet, er samansett av følgande (i tillegg til sentralstyremedlem og fylkesleiarar):


Direktevalde i landsstyremedlem (seks): Politiske og organisatoriske engasjerte som stiller som motvekt mot sentralstyret og fylkene. Desse verva har ein meir politisk rolle enn dei i sentralstyret, og møtes sjeldnare. Landsstyret er høgste avgjerdsleinstans utanom landsmøtet, og vedtar blant anna budsjett kvart år. Verva inneber politisk og organisatorisk engasjement. To av dei direktevalde vil også leie kvart sitt politiske utval.


Direktevalde i landsstyret, vara (fire): Fire prioriterte varaer som stepper inn om direktevalgte ikkje kan delta på landsstyremøtene. Dei kan òg bidra politisk og organisatorisk i organisasjonen slik dei andre direktevalgte gjer.


Unge Venstres tri utval vert organisert slik:


Internasjonal leiar, som nevnt før.


Medlem av internasjonalt utval (fire eller seks): Personar som arbeider med Unge Venstres internasjonale politikk og påverknad. Internasjonalt utval driv fleire prosjekt i og utanfor Europa, og samarbeider med andre liberale ungdomsorganisasjonar. Medlemma, i lag med leiar, arrangerer fleire studieturar og internasjonal sommarleir, og opprettheld Unge Venstres representasjon i paraplyorganisasjonane LYMEC og IFLRY. Det inngår ein god del organisatorisk arbeid, men det er òg rom for politikkutforming. Utvalsmedlemma blir valgt på landsmøtet.


Leiar, klima- og miljøutvalet: Organiserer og leier klima- og miljøutvalets arbeid. Dette inneber organisatorisk ansvar for utvalet, men det er òg rom for mykje politisk påverknadsarbeid. Som leiar for miljø- og klimaarbeidet i Unge Venstre er ein òg gjerne invitert til debattar og seminar kor klima og miljø er tema. Vervet blir valgt på landsmøtet, da leiaren også vil vere en av dei seks direktevalde i landsstyret.


Medlem, klima- og miljøutvalet (tri): Personar som brenn for klima- og miljøpolitikk utgjer dette utvalet. I samband med leiar er dei representantar i ulike fora kor klima og miljø er tema. I tillegg er det mykje politisk påverknadsarbeid og politikkutforming. Vervet blir valgt på første landsstyremøte i perioden.


Leiar, kunnskapspolitisk utval: Organiserer og leier kunnskapspolitisk utval sitt arbeid. I tillegg til dette organisatoriske ansvaret for utvalet er leiar gjerne representant for Unge Venstre i ulike fora kor kunnskapspolitikk står på agendaen, for eksempel i debattar og på seminar. Vervet blir valgt på landsmøtet, da leiaren også vil vere en av dei seks direktevalde i landsstyret.


Medlem, kunnskapspolitisk utval (tri): Utvalet består av personar som brenn for kunnskapspolitikk. Det er noko organisatorisk arbeid, men i hovudsak driv utvalet på med å skapa ny kunnskapspolitikk for Unge Venstre. I tillegg kan medlemma, i samband med leiar, representera Unge Venstre i ulike fora. Vervet blir valgt på første landsstyremøte i perioden.


Andre verv:


Kontrollkomitemedlem (tri): Personar med særs god kjennskap til Unge Venstres vedtekter og organisasjonskultur spesielt, og god organisasjon generelt, sit i kontrollkomiteen. Dei er organisasjonens politi og juridiske instans. Verva innber harde val og detaljfokus, og skal vera tilstades i alle nasjonale samlingar Unge Venstre har. Komiteen har gjerne ein leiar, for organiseringa si skuld, men er generelt sett tri enkeltståande vaktbikkjer som passar på Unge Venstres ve og vel. Vervet blir valgt på landsmøtet.