Vil du bli Vestland Unge Venstres ungdomskandidat til Stortingsvalet i 2021?

Oppdatert: mai 4

Arbeidet med å velje Vestland Unge Venstres ungdomskandidat har starta, og vi ønskjer innspel frå dykk! På fylkesårsmøtet til Vestland Venstre den 8. til 9. februar 2020 bestemte fylkeslaget å stille med separate lister i Stortingsvalkrinsane Hordaland og Sogn og Fjordane. På bakgrunn av denne avgjerda skal nominasjonskomiteen til Vestland Unge Venstre innstille på éin eller to ungdomskandidatar som skal veljast på eit medlemsmøte primo juni 2020.

Vestland Unge Venstres nominasjonskomité består av leiar Agnes Hoshovde Bernes (bilete), Miriam Louise Seim, Bendik Frammarsvik Larsen og Dina Bovim.


- Dette blir ein svært spanande prosess, og eg vonar at det er mange flinke folk som tar kontakt med oss og stiller som ungdomskandidat, fortel Bernes.


Nominasjonskomiteens mandat:           «Nominasjonskomiteen skal innstille på éin eller to ungdomskandidatar til Stortingsvalet i 2021. Komiteen skal intervjue alle kandidatar som stiller som ungdomskandidat og oppmode andre aktuelle kandidatar til å stille. Innstillinga bør ta omsyn til om Vestland Venstre stiller med felles liste i Stortingsvalkrinsane Hordaland og Sogn og Fjordane eller ikkje. Komiteen skal likevel sjølv ta stilling til om ein skal innstille på éin eller to ungdomskandidatar. Innstillinga skal avleggjast seinast i september månad 2020.» Du kan stille som ungdomskandidat ved å sende kortfatta søknad og CV til leiar av nominasjonskomiteen, Agnes Hoshovde Bernes, på e-post (bernesagnes@gmail.com) innan den 15. mai 2020. Intervju av kandidatane vil bli haldt i løpet av mai månad.  Ønskjer du å nominere andre? Send grunngjeving og namn på den du nominerer til leiar av nominasjonskomiteen.