Vil du stilla til val i Unge Venstre?

Valkomiteen i Unge Venstre er i gang med sitt arbeid. Komiteen skal komma med innstilling til nytt sentralstyre, internasjonalt utval, direktevalde til landsstyret og kontrollkomiteen. Kunne du tenkja deg å stilla til val? Lurer du på kva dei tillitsvalde gjer? Her får du informasjonen du treng!



Sentralstyret

Sentralstyret i Unge Venstre er sett saman av ein leiar, to nestleiarar, ein internasjonal leiar og fem eller sju sentralstyremedlemmer, samt fire varamedlemmer. Sentralstyret har eit arbeidsutval (AU) som er sett saman av leiaren, nestleiarane og eventuelt eitt eller to andre sentralstyremedlemmer.


Sentralstyret har møte ca. kvar sjette veke og pleier å samlast til møtehelg på Venstres hus i Oslo. Sentralstyret har ansvar for å følgja opp politiske og organisatoriske mål for organisasjonen. Sentralstyret har også tilsyn med Unge Venstres sekretariat og er ansvarlege for at rekneskapen blir ført på ein forsvarleg måte og avslutta og revidert.


AU har møte oftare enn sentralstyret og har ansvar for å førebu sentral- og landsstyremøte, jamleg kontakt med andre organisasjonar og å avklara politiske hastesaker som ikkje er kontroversielle innanfor organisasjonen. Sentralstyret og AU har også ansvar for å fremma Unge Venstre sin politikk i media.

Sentralstyret står for den daglege drifta og leiinga av organisasjonen. I sentralstyret er det interessante arbeidsoppgåver enten du er interessert i valkamp, organisatorisk arbeid, skolering, medlemskontakt, sosiale medier, å skriva, planleggja sommarleir – eller noko heilt anna.


Verv i sentralstyret, og særleg i AU, inneber mykje arbeid. Du må vera førebudd på intensive møtehelger, sjølvstendig arbeid mellom sentralstyremøta og å samarbeida og følgja opp arbeid på ulike nivå i organisasjonen.


Benedicte Røvik, sentralstyremedlem: "Du burde stille til sentralstyret I Unge Venstre for det første fordi det er gøy. I tillegg lærer man mye og får opplevd mye spennende. Alle kan stille til vervet og du trenger ikke å kunne alt så lenge du ønsker å gjøre en god jobb."


Bård Salvesen, 2. nestleder i Unge Venstre: "Som nestleder får du en unik mulighet til å lære og utvikle deg som ung politiker. Vervet er krevende, men gir enormt mye tilbake i form av mange nye erfaringer og innflytelse over Unge Venstres fremtid. Om du brenner for Unge Venstre og liker å ha en hånd på rattet, anbefaler jeg på det varmeste å stille som nestleder."


Internasjonalt utval

Internasjonalt utval (IU) er sett saman av fire eller seks medlemmer og blir leia av internasjonal leiar. IU er ansvarlege for å gjennomføra Unge Venstre sin internasjonale aktivitet og for å utvikla organisasjonen sin internasjonale politikk vidare.


IU arrangerer studieturar til utlandet, skolerer organisasjonen på internasjonale forhold og held kontakt med Unge Venstre sine søsterparti og dei internasjonale, liberale ungdomsorganisasjonane. IU har møte ca. annakvar månad, totalt 6 i året.


IU byr på spennande moglegheiter og arbeidsoppgåver for deg som er opptatt av internasjonale forhold og politikk. Her kan du vera med på å utforma politikk, planleggja og gjennomføra arrangement i inn- og utland og skolera organisasjonen.


IU inneber mykje arbeid og du må vera førebudd på å bruka ein del tid på planlegging, oppfølging og rapportering. Du må kunne arbeida både sjølvstendig, då nokon av arbeidet inneber prosjektansvar.


Kjersti Brevik Møller, nåværende leder av IU: "Å sitte i internasjonalt utvalg i tre år har lært meg utrolig mye om internasjonal politikk. Jeg har fått et nettverk av venner fra alle kontinenter, og jeg har lært alt fra økonomiansvar til hvordan man best skal få gjennomslag for UVs politikk i våre internasjonale paraplyorganisasjoner. Hvis du ønsker å jobbe med politikk på internasjonalt plan i fremtiden, er IU absolutt å anbefale!"


Direktevalde til landsstyret

Unge Venstre sitt landsmøte skal velja seks medlemmer og fire varamedlemmer til landsstyret. Dei seks medlemmene blir omtalt som «direktevalde». Landsstyret er elles sett saman av sentralstyret, éin representant frå kvart av dei fungerande fylkeslaga og éin representant frå Norges liberale studentforbund.


Landsstyret er Unge Venstres høgaste organ mellom landsmøta og har møtehelg fleire gonger i halvåret. Landsstyret skal vedta utdypande politikk, retningslinjer for arbeidet i organisasjonen, vedtar budsjett og godkjenner rekneskapen.


Dei direktevalde har ei fri rolle og avgjer i stor grad sjølve kva dei vil arbeida med. Her er det altså gode moglegheiter for spennande arbeidsoppgåver. Dette tyder også at du som ønskjer å stilla til val som direktevald må vera førebudd på å ta ein del initiativ sjølv og samarbeida med sentralstyret.


Jacob Handegaard, direktevalgt til LS: "Å være direktevalgt er veldig spennende. Hvis du ønsker å få innsikt i landsstyrets arbeid og jobbe mye politisk fremfor organisatorisk så er dette virkelig noe for deg."


Kontrollkomiteen

Kontrollkomiteen skal sjå til at organisasjonen faktisk følgjer opp vedtaka landsmøtet gjer. Komiteen er sett saman av tre medlemmer. Komiteen har møte- og talerett i alle Unge Venstre sine sentrale organ. Komiteen skal også kontrollera at organisasjonen sin økonomi blir utført på ein forsvarleg måte. Komiteen skal leggja fram ein årsrapport til landsmøtet.


Kontrollkomiteen er for deg som er glad i vedtekter, formalia og forsvarleg leiing og styring av organisasjonen me alle er glad i. Det blir forventa at medlemmene av komiteen set seg godt inn i vedtekter, vedtak og styringsdokument i organisasjonen. Medlemmene av komiteen har pleidd å fordela møte i lands- og sentralstyremøta seg i mellom, slik at det alltid er nokon frå komiteen til stades under desse møta. Du må derfor vera førebudd på møtehelger.


Til sist…


Me i valkomiteen til Unge Venstre vil oppfordra deg til å ta kontakt med oss viss du er interessert i å stilla til verv. Det er ikkje nokon krav til fartstid i organisasjonen eller bustad. Me vil gjera intervju med alle interesserte under Unge Venstre sin sommarleir 27. juli – 1. august. Det er sjølvsagt også moglegheit for å snakka med oss sjølv om du ikkje skal på sommarleiren.


Valkomiteen kan du kontakta på epost: valgkomiteen.nuv@gmail.com


Beste helsing

valkomiteen

Hanne Kvilhaugsvik (leiar)

Matilde Monsen

Matilde Augusta Finstad Huseby

Jim Cato Smestad

Hogne Ulla