Hopp til hovedinnhold

6. april 2024

| Oppdatert 19. april 2024

Innstilling til ungdomskandidat for Vestland Unge Venstre

Nominasjonskomiteen i år har bestått av Henriette Schau Johansen (leiar) og Sofie Christiansen. Komiteen fekk i oppgåve av Vestland Unge Vnetsre å innstille på ungdomskandidatar for Vestland Unge Venstre.

Jens Håkon Birkeland

Som ungdomskandidat for Hordaland har komiteen innstilt Jens Håkon Birkeland. Jens Håkon er frå Voss, og studerer for tida samanliknande politikk og russisk i Bergen. Han har tidlegare vore leiar i både Bergen og Vestland Unge Venstre, og har vore nestleiar i Unge Venstre på nasjonalt nivå. I tillegg har han sittet i både fylkesstyret og landsstyret til Venstre, og har tidlegare jobba som praktikant på Stortinget.

Jens Håkon kunne vise til enorm innsats under forrige valkamp, då han var valkampleiar i Unge Venstre på nasjonalt nivå og tok debattar kvar dag. I tillegg imponerte han valkomiteen med mukje erfaring, og vilje til å bruke den for å utvikle og forbetre partiet, og komiteen er sikker på at han vil vere ein god ungdomskandidat for Hordaland.

Elias Slåtten

Som ungdomskandidat for Sogn og Fjordane har komiteen innstilt på Elias Slåtten. Elias er frå Sunnfjord og sitter i kommunestyret der, samtidig som han studerer økonomi og administrasjon i Bergen ved NHH. I tillegg til dette har han jobba på Stortinget og har lenge vore ein sterk stemme for Unge Venstre sin politikk både lokalt og på fylkesplan.

Elias viste gode politiske refleksjoner, og brenn spesielt for blant anna skule, næring og distriktspolitikk. I tillegg blir han godt omtalt av mange, spesielt for innsatsen han la inn i forrige valkamp, og valkomiteen er sikker på at han vil vere ein god ungdomskandidat for Sogn og Fjordane.

Innstilling:

Ungdomskandidat for Hordaland: Jens Håkon Birkeland

Ungdomskandidat for Sogn og Fjordane: Elias Slåtten

Leiar av valkomiteen kan nås på:

henriette.kksj@gmail.com eller 948 06 016

ved spørsmål om prosessen

Del artikkelen