Klima 
Klimatrugsmålet er ei av dei største utfordringane som har møtt menneskeheita. Det er stor fare for enorme sosiale og økonomiske følgjer som vil råke heile planeta. Vi må handle snøggt og på alle nivå av samfunnet, frå einskildmenneske gjennom lokalmiljø, til stat, region og globalt samarbeid. Løysinga er ikkje å finne i politiske einskildvedtak, men i ei omfattande og heilskapleg endring av dagens samfunnsmønster.
Skule
Unge Venstre vil ha ein skule der individet står i sentrum. Ein liberal skule har heile tida fokus på korleis kvar enkelt elev tileignar seg kunnskap. Difor må kvar enkelt skule, lærar og elev gjevast mest mogleg fridom til å tilpasse opplæringa. Elevar må utfordrast og oppmodast til å ta aktiv del i sin eigen læringsprosess.
Handel
Unge Venstre ønsker en fri og rettferdig verdenshandel der alle har like muligheter til å selge varene sine. I dag foregår verdenshandelen på de rike lands premisser. Afrika sør for Sahara har med sine 689 millioner innbyggere en mindre andel av verdens eksport enn Belgia med bare 10 millioner innbyggere. Norge må være en pådriver internasjonalt for å få fjernet tollmurer og subsidier som holder fattige lands varer unna rike lands markeder.
EU
Unge Venstre ynskjer eit samla, demokratisk og grenselaust Europa som er ope og inkluderande andsynes omverda og som tek globalt ansvar for dei utfordringane verda møter i dag. Unge Venstre vil at alle europeiske statar, inkludert Noreg, vert samla i EU for å møte sams europeiske utfordringar med sams europeiske løysingar.