Hopp til hovedinnhold

20. mars 2018

| Oppdatert 19. januar 2022

Gloppen Unge Venstre stifta!

Torsdag 20. Mars 2018 kl. 17:00 samla heile 20 ungdommar seg på Firda VGS for å delta på stiftingsmøtet til Sogn og Fjordane Unge Venstre sitt nyaste lokallag Gloppen Unge Venstre.

Under møtet vart Elias Slåtten (17) valt som leiar av nystifta Gloppen Unge Venstre. Slåtten har tidlegare erfaring frå Jølster Ungdomsråd.

Kjekt å få tillit som leiar, og vert utruleg spennande å få vere med å starte opp, og prøve å få eit godt Unge Venstre miljø her på Firda!» seiar den nyvalde unge leiaren.

Med seg har Slåtten, Gabriel Frogner som nestleiar, Henrik Holmøy som sekretær samt Mathias Varne, Trym Vorren og Torine Bortne som styremedlemar.

Fylkesleiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre, Anne Kristin Villar Sundal vil også fungere som kasserer for det nye lokallaget.

«Det er så utruleg kjekt å sjå at så mange liberale ungdomar har kome saman for å starte eit nytt lokallag. Som fylkesleiar er eg ekstremt stolt og ser fram til å sjå korleis lokallaget utviklar seg.» seiar ein svært nøgd Sundal.

Møtet vart innleia av nestleiar i Unge Venstre, Ragnhild Forsberg som heldt eit føredrag om Unge Venstre politikk for dei ferske Unge Venstre medlemmane.

Vidare vart møtet leia av nestleiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, Ole Martini. Tidlegare fylkesleiar, Jacob Bredesen var også på møtet, med Bjarte Gangeskar, leiar i Gloppen Venstre. Gangeskar er svært nøgd med at det endeleg er kome eit Unge Venstre lag i Gloppen:

«Du kan sei at vi treng eit Unge Venstre som torer å ta dei vanskelege debattane, som torer å utfordre moderpartiet og som tvingar oss til å tenkje nytt om dei vanskelege spørsmåla. Eg er usamd i ein del av det UV meiner og det er bra. Den dagen vi er samde om alt, så sluttar verda å gå framover.» seiar Gangeskar.

Del artikkelen