Hopp til hovedinnhold

23. november 2015

| Oppdatert 25. januar 2022

Hei frå Zagreb!

Bilde av Zagreb

Denne helga har Unge Venstre og Changemaker reist på studietur til Zagreb. Målet var å lære meir om EU, handel og Kroatia som nyaste medlemsland i unionen. Vi kom til Kroatia torsdag ettermiddag etter 6 timar mellomlanding (soving) i Brussel. Då vi landa møtte vi gjengen frå Changemaker for fyrste gong og brukte kvelden på å bli kjent.

Fredagen starta med eit besøk på den norske ambassaden. Der fekk vi høyre om ambassadens arbeid i Kroatia og elles generelt om situasjonen i Kroatia og flyktningar. Vidare gjekk turen til EU-kommisjonen der vi møtte team leiaren for politiske rapportar og analysar. Ho fortalte mykje om dei positive sidene om å bli med i EU, men og om dei negative sidene, for eksempel handteringa av flyktningkrisa. Kroatia er eit transitland, det vil seie at alle flyktningane reiser med tog gjennom landet og vidare. Dei er oftast i landet i mindre enn 24 timar. Sjølv om det er over 100 000 som har reist gjennom Kroatia er det ca 10 stykkar som har søkt asyl.

Laurdag leide vi eit møterom der vi diskuterte kva vi hadde opplevd og jobba med ei fråsegn. Vi fann ut at vi var (mildt sagt) ueinige om EU og handel, men kunne bli einige om ei fråsegn om flyktningar.

Sjølv om det var ein studietur så hadde vi det framleis kjekt og sosialt. Vi åt frukost heime i leilegheita saman og ute på restaurantar om kvelden. (Maten er sjukt billig her!!!) Vi har sete på eit utal kafear og rukket å bli godt kjent gjennom selfier og EU-kranglar. På laurdag kveld hadde vi litt fri og gjekk på Museum of Broken Relationships.

No sit vi på flyplassen i Zagreb og ventar på flyet som skal ta oss heim til snøfylde Noreg. Takk for ein kjempehyggeleg tur, Changemaker!

Fred og kjærleik,
Markus, Elin, Even, Jens-Fredrik og Sophie
PS: Changemaker sier hei!

Del artikkelen