Hopp til hovedinnhold

30. januar 2025

| Oppdatert 30. januar 2025

Innstilling for fylkesstyret til Viken Unge Venstre 2025-2026

Valkomiteen i Viken Unge Venstre har einstemmig innstillt på eit nytt styre til Viken Unge Venstre for perioden 2025-2026. Valkomiteen har hatt stort fokus på å finne eit styre som er klar til å takle utfordringane organisasjonen vil møte denne perioden. Valet av styret og dei ulike verva vil finne stad på årsmøtet 3. februar.

Nora Boujibar er innstillt til leiar i Viken Unge Venstre. Nora er 20 år og studerer i dag statsvitenskap på Universitetet i Oslo. Ho har erfaring både som nestleiar i Follo Unge Venstre og som styremedlem i Viken Unge Venstre. Valkomiteen ser på Nora på den som har best kontroll på kva utfordringar organisasjonen står ovanfor, samtidig som ho har konkrete forslag til korleis dei kan løysast. I tillegg er Nora ein som ser alle, og vi har trua på at ho vil kunne leie fylkeslaget til nye høgder.

Som 1. nestleiar i Viken innstillast Vetle Walseth Gran. Vetle går i dag studiespesialiserande på Lørenskog videregåande skule. Som varamedlem i fylkesstyre har Vetle tatt på seg langt større oppgåver enn det som er forventa av han, og utført dei med glans. Han har klare visjonar for Viken Unge Venstre, og hans positive innstilling er på alle måtar beundringsverdig.

Som 2. nestleiar i Viken innstillast Ayya Starmenlieva. Ayya går no helse og oppvekst på Eiker vidaregåande skule. Ho har lang fartstid i Unge Venstre, og har i verv som lokallagsleiar og fylkesnestleiar levert eksemplasrisk. Ayya er ein varm person er komfortabel rundt. I tillegg er ho eit enormt politisk talent, og valkomiteen vart rørt når ho snakka om sine hjartesakar. Dette er eigenskapar Viken Unge Venstre vil tene mykje på.

Innstilling:

  • Leiar: Nora Boujibar (20)
  • 1. nestleiar: Vetle Walseth Gran (17)
  • 2. nestleiar: Ayya Starmenlieva (16)
  • Styremedlem: Eva Bakken (15)
  • Styremedlem: Ulrik Holm Grønneberg (14)
  • Styremedlem: Jesper Slevigen (14)
  • Styremedlem: Kaisa Wilberg Paulsen (18)
  • 1. varastyremedlem: Andreas Krogenæs (17)
  • 2. varastyremedlem: Stine Holm Bjørndal (19)

Del artikkelen