Unge Venstre sitt landsmøte gjekk av stabelen i Røde Kors sine lokale i Oslo.
21.-23.oktober var 150 liberale og engasjerte ungdommar samla i Røde Kors sine lokale for å vedta ny politikk og å styrke det liberale fellesskapet. Det var stor takhøgde for mange ulike synspunkt og latteren sat laust. I år var det tid for å behandle politisk plattform og mange sendte engasjert inn forslag til saker.
Unge Venstre bør jobbe med i tida framover. Her er eit lite utval:
- Det vart blant anna vedteke at rasismeparagrafen slik den er i dag bør fjernast og mindre diskriminering av ulike religiøse hovudplagg i ulike samanhengar.
- Unge Venstre ønsker også større kommuner og meir administering og ansvar av ulike område til kommunene.
- Personvern var også ei viktig sak. Unge Venstre ønsker meir privatliv for enkeltmenneske og kun overvåking ved mistanke om kriminelle handlingar.
- Retssystemet var eit svært omdiskutert tema på landsmøtet i år. Unge Venstre ønsker høgare krav til dei som blir utnemnde til lekdommarar.
- På rusområdet vedtok landsmøtet at vi ønsker å betre forholda for rusavhengige i fengsel. Samtidig ønsker Unge Venstre å jobbe for regulering av alle narkotiske stoff samt opne opp for brukerrom.
- Likestilling: Mindre kvotering og likere lønn og status mellom kvinne- og mannsdominerte yrke. Barn skal kunne ha fleire enn to juridiske foreldre. Vi ønsker å betre adopsjonsmoglegheitane til likekjønna par.
- Barnehage: Det skal jobbes for betre kvalitet i barnehager framfor å fokusere på eventuell profitt i private barnehager.
- Skule: Fjerne ordenskarakter, opplæring i engelsk tidlegare i skuleløpet og fritt skuleval i grunnskulen.
- Høgare utdanning og forskning: Inntak på grunnlag av relevante karakterar, å fjerne inntekts- og formueskatten for å motta studiestøtte og styrking av minoritetsspråk som samisk og tegnspråk i det norske samfunnet.
- Inkludering og tryggleik: Lavere krav for å få norsk statsborgerskap, gratis SFO og barnehage som erstatning for barnetrygd samt behovsprøvd barnetrygt. I tillegg ønsker vi likedeling av foreldrepermisjonen.
- Næringsliv og økonomi: Søndagsopne butikkar, fjerne tenestemannslova og meir effektiv boligpolitikk ved å bygge i høgda.
- Klima- og energi: Meir kutt i utslepp frå Norge si side, meir bruk av miljøvennleg dristoff. Noreg bør stå i front for kutt av utslepp.
- Europa: Betre forhold for handel i EU med lavere subsidier og tettare samarbeid i forbindelse med flyktningekrisa.
Det vart også vedteke tre uttalelser: «Alle løsninger må tas i bruk for et klimavennlig landbruk», «Norge trenger fortsatt reformer» og "Nei til dumping av gruveavfall i sjø - ja til avgift på gruveavfall».
